1Då sa Herren til Abram: Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg!
10So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptarland og vilde halda til der; for naudi var stor i landet.1 Mos 26,1; 41,57
11Då det leid so langt at han mest var komen til Egyptarland, sa han til Sarai, kona si: Høyr no her! Eg veit at du er ei fager kvinna.
12Og det kjem til å ganga so at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: Dette er kona hans! Og so slær dei meg i hel, men deg let dei leva.
13Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!1 Mos 20,2.12; 26,7
14Då so Abram kom fram til Egyptarland, såg egyptarane kvinna og tykte ho var ovfager.
15Og hovdingane åt Farao såg henne og rosa henne for Farao. So vart kvinna henta til huset åt Farao.
16Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drenger og gjentor og asenfyljor og kamelar.
17Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plagor for Sarai skuld, kona hans Abram.Sal 105,14
18Då kalla Farao Abram til seg og sa: Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di?
19Kvi sa du at ho er syster di, so eg tok henne til kona? Sjå der hev du kona di! Taka henne og far din veg!
20Og Farao sette nokre menner til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.