1Då Moses, Herrens tenar, var slokna, då tala Herren soleis til Josva Nunsson, fylgjesveinen hans:4 Mos 11,28; 5 Mos 1,38
2Moses, tenaren min, er slokna. Gjer deg no reidug og far med alt dette folket yver Jordanåi til det landet som eg vil gjeva Israels-borni!
3Kvar staden de set foten på, gjev eg dykk, soleis som eg sa til Moses:5 Mos 11,24-25
4Frå øydemarki og Libanon der nord til den store elvi, Fratelvi - yver heile Hetitarlandet, alt til det store havet der soli glader, skal riket dykkar nå.
5I alle dine levedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.5 Mos 31,8; Hebr 13,5
6Ver sterk og djerv! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg lova federne deira å gjeva dei.5 Mos 31,7-8; 1,38; Jos 19,51
7Ver du berre retteleg sterk og djerv, so du aktar vel på å halda deg etter heile den lovi som Moses, tenaren min, lærde deg! Vik ikkje av ifrå den, korkje til høgre eller vinstre! Då kjem du til å stella deg visleg i all di ferd.5 Mos 5,32; Ordt 4,27; 1 Kong 2,3-4
8Hav allstødt denne lovi på tunga, og grunna på henne natt og dag, so du aktar på å leva etter alt det som der stend skrive! Då skal du hava lukka med deg på vegane dine, og då fer du visleg fram.Sal 1,2-3
9Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og djerv, ikkje reddast og ikkje fæla; for Herren din Gud er med deg i alt du tek deg fyre.
10Då tala Josva til tilsynsmennene åt folket og sa:
11Gakk igjenom lægret og seg til folket: No lyt de laga til ferdakost åt dykk; for um tri dagar skal de fara yver Jordan, so de kann koma inn og eigna til dykk det landet som Herren dykkar Gud vil gjeva dykk.
12Og til rubenitane og gaditane og helvti av Manasse-ætti tala han so:
13Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, sette dykk fyre då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.4 Mos 32,20-33
14No skal konone og borni dykkar og bufeet verta verande i det landet som Moses gav dykk austanfor Jordan; men sjølve lyt de, so mange av dykk som er djerve stridsmenner, fara herbudde fyre brørne dykkar og hjelpa dei,
15til dess Herren let dei og koma til ro liksom de, og dei hev eigna til seg det landet Herren dykkar Gud vil gjeva dei, då skal de fara heim att og busetja dykk i dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk her på austsida av Jordan.
16Då svara dei Josva so: Alt du hev sagt til oss, skal me gjera, og kvar du sender oss, skal me ganga.
17Liksom me lydde Moses i alle ting, soleis vil me og lyda deg, berre Herren din Gud er med deg, som han var med Moses.
18Den som set seg upp imot bodi dine og ikkje lyder deg i alt du segjer han fyre, han skal døy. Ver du berre sterk og djerv!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.