5. Mosebok 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I den tolvte månaden i det fyrtiande året Israel hev ferdast i øydemarki, taler Moses til folket på Moab-moane og minner dei um det som hev hendt dei frå den tid dei tok ut frå Sinai-fjellet til dei kom til Kades, og Guds straff råma dei som mot hans vilje tok på Kana'ans-folket, 1-46.

1Dette er dei ordi som Moses tala til heile Israel i øydemarki på hi sida av Jordan, på moane midt for Suf, millom Paran og Tofel og Laban og Haserot og Di-Sahab,

2elleve dagsleider frå Horeb etter den vegen som ber burt imot Se'irfjelli, til Kades-Barnea.

3Det var i det fyrtiande året, fyrste dagen i den ellevte månaden han tala til Israels-borni og bar fram alt det som Herren hadde sagt han skulde tala til dei.

4Då hadde han vunne yver Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon, og attmed Edre'i yver Og, Basan-kongen, som budde i Astarot.4 Mos 21,23-24.33.35

5Austanfor Jordan, i Moablandet, var det Moses tok til med å leggja ut denne lovi. Han sa:

6Herren vår Gud tala soleis til oss ved Horeb: Lenge nok hev de halde dykk innmed dette fjellet.2 Mos 19,1; 4 Mos 10,11-12

7Tak no ut og legg vegen til Amoritarfjelli og alle dei folki som bur der attmed, på moane og i fjellbygdene, på sletta og i sudlandet og utmed havstrandi, til Kana'anslandet og til Libanon, alt burt til den store elvi, Fratelvi.1 Mos 15,18

8Sjå, eg hev lagt landet ope for dykk. Far av stad og tak det! Det er det landet som Herren lova federne dykkar, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva dei og ætti deira etter dei.1 Mos 12,7

9Den gongen sa eg til dykk: Eg kann ikkje greida dykk åleine.2 Mos 18,18-27

10Herren dykkar Gud hev auka dykk, so de no er mange som stjernone på himmelen;5 Mos 10,22; 1 Mos 15,5; 22,17

11og gjev at Herren, Gud åt federne dykkar, vilde auka dykk endå tusund gonger og velsigna dykk, som han hev lova!

12Men korleis kann eg åleine bera strevet og møda med dykk og alle trettone dykkar?

13Kom med nokre vise og vituge og velrøynde menner frå kvar ætt, so skal eg setja dei til hovdingar yver dykk!

14Då svara de meg: Det er både rett og godt det du segjer.

15So tok eg ættehovdingane dykkar, vise og velrøynde menner, og sette dei til styrarar yver dykk - sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti - og gjorde dei til tilsynsmenner yver ættene dykkar.

16Og til domarane dykkar sa eg den gongen: Høyr på dei sakene som brørne dykkar hev med kvarandre, og døm rett millom mann og mann, anten dei er landsmenner eller den eine er framand.5 Mos 16,18-19

17Gjer ikkje mannemun i retten! Høyr på den ringaste som på den høgste, og ver ikkje redde nokon mann! For domen høyrer Gud til. Men dei sakene som er for vande for dykk, lyt de koma til meg med, so skal eg høyra på dei.Ordt 24,23; 2 Krøn 19,6; Joh 7,24

18Og same gongen sa eg dykk fyre um alt anna de skulde gjera.

19So tok me ut frå Horeb og for gjenom heile den store og øgjelege villmarki som de hev set; me heldt leidi til Amoritarfjelli, soleis som Herren vår Gud hadde sagt oss fyre, og kom til Kades-Barnea.

20Då sa eg til dykk: No er de komne til Amoritarfjelli, som Herren vår Gud vil gjeva oss.

21Sjå, Herren din Gud hev lagt dette landet ope for deg! Far upp og tak det, som Herren, Gud åt federne dine, hev sagt deg! Du skal ikkje reddast og ikkje fæla!

22Då kom de til meg alle saman og sa: Lat oss senda folk fyre, so dei kann gjera seg kjende i landet og gjeva oss greida på kva veg me skal fara, og kva byar me kjem til!4 Mos 13,1-20

23Det tykte eg var rett, og so valde eg ut tolv mann av dykk, ein or kvar ætt.

24Dei tok då av stad og for upp i fjelli og kom til Eskoldalen. Dei endefor landet4 Mos 13,21-33

25tok noko av fruktene der var, og hadde med seg heim til oss, og dei fortalde um alt dei hadde set, og sa: Det landet som Herren vår Gud vil gjeva oss, er eit godt land.

26Men de vilde ikkje fara dit; de sette dykk upp mot Herren dykkar Gud4 Mos 14,1-10

27og sat og mukka i tjeldbuene dykkar og sa: Herren hatar oss; difor hev han ført oss ut or Egyptarlandet, og no vil han gjeva oss i hendene på amoritane og tyna oss.

28Kva slag land er det me skal fara upp til! Brørne våre tok modet reint ifrå oss då dei kom att og sa: Det er eit folk som er større og høgare enn me, og dei hev store byar med murar som rekk radt til himmels; og Anaks-sønene såg me der og.5 Mos 9,1-2

29Då sa eg til dykk: De skal ikkje ottast og ikkje vera redde dei.

30Herren dykkar Gud gjeng fyre dykk; han skal strida for dykk, soleis som de såg han gjorde i Egyptarland2 Mos 14,14.25; Jos 10,14.42

31og i øydemarki som du hev set, der Herren din Gud bar deg, som ein mann ber barnet sitt, heile vegen de for til de kom hit.5 Mos 8,2-4; 32,10-15

32Men endå leit de ikkje på Herren dykkar Gud,

33han som gjekk føre dykk på ferdi og såg etter lægerstad for dykk, um natti i ein eld, so de kunde sjå vegen de skulde ganga, og um dagen i ei sky.2 Mos 13,21; 4 Mos 10,33-34

34Då Herren høyrde korleis de tala, vart han harm og svor:

35Ingen av desse mennene, av denne vonde ætti, skal få sjå det gilde landet eg lova federne dykkar,

36ingen utan Kaleb, son åt Jefunne; han skal få sjå det; han og borni hans vil eg gjeva det landet han hev sett foten på, for di han hev halde seg so trutt etter Herren.4 Mos 14,21-38; 26,64-65; 32,11-15

37Meg og vart Herren harm på for dykkar skuld og sa: Du skal heller ikkje få koma dit.4 Mos 20,12; 27,13-14

38Josva son åt Nun, han som gjeng deg til handa, skal koma dit. Han skal du styrkja! For han er det som skal vinna landet til odel åt Israel.

39Og borni dykkar, som de spådde skulde koma i fiendehand, og sønene dykkar, som endå ikkje kann skilja godt ifrå vondt, dei skal koma dit; dei vil eg gjeva landet, og dei skal få eiga det.4 Mos 14,31

40Men de lyt venda og taka ut i øydemarki etter den vegen som ber til Raudehavet.

41Då sa de til meg: Me hev synda mot Herren! Men no vil me fara upp og strida, soleis som Herren vår Gud hev sagt oss fyre. So batt de kring dykk våpni kvar og ein; de tenkte det var ingen vande å fara upp i fjelli.4 Mos 14,40-45

42Men Herren sa til meg: Seg til dei at dei ikkje skal fara dit og ikkje gjeva seg i strid; for eg er ikkje med dei, og dei kjem til å rjuka for fienden.

43So tala eg til dykk, men de vilde ikkje høyra; de lydde ikkje Herren og for i ovmod og uvyrdskap upp i fjelli.

44Og amoritane, som budde i fjelli der, tok ut imot dykk og sette etter dykk so kvast som ein biesvarm, og dei jaga dykk ifrå einannan i Se'ir og elte dykk radt til Horma.

45Då kom de attende og gret for Herrens åsyn; men Herren høyrde ikkje på dykk og lydde ikkje på klagone dykkar,

46og de laut vera i Kades heile den lange tidi de veit.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help