1Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar,
2de som stend i Herrens hus, i fyregardane til vår Guds hus!
3Lova Herren! for Herren er god, syng lov for hans namn! for det er ljuvleg.Sal 147,1
4For Herren hev valt seg ut Jakob, Israel til sin eigedom.2 Mos 19,5
5Eg veit at Herren er stor, og vår Herre er større enn alle gudar.Sal 86,8
6Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup,Sal 115,3
7han som let regnskyer stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, fører vind ut or sine gøymslor,Jer 10,13
8han som slo dei fyrstefødde i Egyptarland, både av folk og fe,2 Mos 12,29
9som sende teikn og under midt i deg, Egyptarland, mot Farao og alle hans tenarar,2 Mos 7,1-25; 8,1-32; 9,1-35; 10,1-29
10han som slo mange heidningfolk og drap mektige kongar,Sal 136,17-18
11Sihon, amoritarkongen, og Og, Basan-kongen, og alle Kana'ans kongerike,4 Mos 21,21-24.33-35; Jos 12,1-24
12og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk.Jos 11,23
13Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt.Sal 102,13
14For Herren skal døma sitt folk, og sine tenarar skal han miskunna.5 Mos 32,36
15Heidninge-avgudane er sylv og gull, eit verk av mannehender.Sal 115,4-8
16Dei hev munn, men talar ikkje; dei hev augo, men ser ikkje;
17dei hev øyro, men høyrer ikkje, og det er ingen ande i deira munn.
18Som dei sjølve er, vert dei som lagar dei, alle som set si lit til dei.
19Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren!
20Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren!
21Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.