Jesaja 32 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Profeten spår at når heimsriket hev falle, skal det verta ei lukkeleg framtid under ein rettvis konge; denne spådomen fær si fulle uppfylling i Messias og hans rike, 1.2. Då skal det vera slutt med Israels forherding, 3.4, og menneski skal ikkje lenger verta dømde etter stand og midel, men etter huglag og hått, 5-8. Fyrst - og det innan stutt tid - skal det nok koma ei svær tyning yver det trygge folket, 9-14; men sidan skal den Heilage Anden verta utrend yver det, og rettferd og æveleg fred råda i landet, medan heren åt heimsriket skal falla og hovudstaden verta djupt nedbøygd, 15-20.
1Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingane skal styra etter rett,
15til dess Anden vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til grøderikt land, og grøderikt land vert rekna som skog.
20Sæle er de som sår attmed alle vatn, som slepper uksen og asnet på frifot!