4. Mosebok 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren segjer til Moses og Aron at dei skal mynstra og telja dei av kahatitane som er millom 30 og 50 år, og gjev fyresegner for tenesta deira, 1-20, like eins gersonitane, 21-28, og meraritane, 29-33. Moses og Aron gjer som Herren segjer, og talet på dei som er mynstra, vert nemnt, 34-49.

1Og Herren tala til Moses og Aron og sa:

2I Levi-ætti skal du taka tal på Kahats-borni etter ætter og ættegreiner,

3alle som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera tenesta i møtetjeldet.

8Og yver alt dette skal dei breida eit klæde av karmosinraud ull og sveipa ein feld av takasskinn um det og setja berestengene i.

9So skal dei taka eit klæde av blå ull og breida yver den bjarte ljosestaken og lampone som høyrer til, og saksene og saksplatone og alle oljekoppane som dei hev når dei steller lampone,

10og sveipa bode staken og alle desse gognene inn i ein feld av takasskinn og leggja det på ei berebår.

11Yver det gullklædde altaret skal dei og breida eit klæde av blå ull og sveipa ein feld av takasskinn um det, og so setja berestengene i.

12So skal dei taka alle dei gognene som dei hev til tenesta i heilagdomen, og leggja dei i eit klæde av blå ull og sveipa ein feld av takasskinn um dei og leggja dei på ei bår.

13Altaret skal dei reinska for oska og breida eit klæde av purpurraud ull yver det /

14og leggja uppå det alle gognene som dei hev til altartenesta: glodpannone og steikjespiti og eldskuflene og blodbollane, alle gognene som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av takasskinn yver det og setja berestengene i.

15Og når Aron og sønene hans er ferdige og hev sveipt inn heilagdomen, og alle dei gognene som høyrer til heilagdomen, og heren skal taka ut, då skal dei hine Kahats-borni koma og bera; men dei må ikkje røra heilagdomen; gjer dei det, lyt dei døy. Dette er det Kahats-borni skal bera av det som høyrer til møtetjeldet.4 Mos 7,9; 1 Krøn 15,15

16Eleasar, son åt Aron, presten, skal hava tilsynet med lampeoljen og den angande røykjelsen og det daglege matofferet og salvingsoljen, og med heile tabernaklet og alt som det finst av heilage ting og gogner som høyrer til.

17Og Herren tala til Moses og Aron og sa:

18Lat ikkje Kahats-greini verta utrudd or Levi-ætti!

19Høyr no kva de skal gjera med dei, so dei kann få leva og ikkje tarv døy når dei kjem innåt dei høgheilage tingi: Aron og sønene hans skal ganga inn og setja dei, ein for ein, til det arbeidet dei hev å gjera, og syna dei byrdene dei skal bera.

20Men sjølve må dei ikkje ganga inn, ikkje so mykje som ein augneblink, og ikkje skoda det heilage; for då lyt dei døy.1 Sam 6,19

21Og Herren tala til Moses og sa:

22Gersons-borni skal du taka tal på etter ætter og ættegreiner.

23Dei som er millom tretti og femti år, skal du mynstra, alle som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet.4 Mos 4,3

24Høyr no kva det er Gersons-ættene hev og gjera, kva dei skal taka vare på, og kva dei skal bera:4 Mos 3,25-39

25dei skal bera åklædevevene som høyrer til tabernaklet, og møtetjeldet og taket og takasskinns-tekket som ligg ovanpå taket, og teppet til møtetjelddøri

26og umhengi til fyregarden og teppet i porten til fyregarden som er i kring tabernaklet og altaret, og tjeldtogi og alle arbeidsgreidone som høyrer til; og alt som er å gjera med det, skal dei greida.

27Etter det som Aron og sønene hans segjer, skal Gersons-borni retta seg i alle måtar, både med beringi og med alt anna arbeid dei hev, og de lyt setja dei fyre å taka vel vare på alt det dei skal bera.

28Dette er det Gersons-ættene skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, presten, skal rettleida dei i alt dei hev å gjera.

29So skal du mynstra Merari-borni etter ætter og ættegreiner.

30Dei som er millom tretti og femti år, skal du mynstra, alle som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet.

31Det dei hev å bera og skal hava umsut for i møtetjeldet, det er plankane i tabernaklet med tverrstengene og stolpane og stabbane som høyrer til,

32og stolpane til fyregarden med stabbar og pålar og tog, og all reidskapen som høyrer til, og alt som trengst med arbeidet med det, og de skal nemna for dei kvar ting som de vil hava dei til å taka vare på å bera.

33Dette er det Merari-ættene skal gjera, det dei skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, presten, skal rettleida dei.

34Då no Moses og Aron og hovdingane yver lyden hadde mynstra Kahats-borni, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

35so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

36so var det tvo tusund og sju hundrad og femti mann som var mynstra, kvar etter si ætt.

37Det var talet på dei som vart mynstra i Kahats-ættene, dei som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.

38Då Gersons-borni var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

39so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

40so var det tvo tusund og seks hundrad og tretti mann som var mynstra, kvar etter si ætt og ættgrein.

41Det var talet på dei som vart mynstra i Gersons-ættene, dei som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter Herrens bod.

42Då Merari-borni og ættene deira var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

43so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

44so var det tri tusund og tvo hundrad mann som var mynstra, kvar etter si ætt.

45Det var talet på dei som vart mynstra i Merari-ættene, dei som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.

46Då alle levitar millom tretti og femti år var talde, alle som var føre til å gjera tenesta i møtetjeldet med bering eller anna arbeid,

47og Moses og Aron og Israels Hovdingar hadde mynstra dei etter ætter og ættgreiner,

48so var det åtte tusund og fem hundrad og åtti mann.

49Etter Herrens bod vart dei mynstra, og Moses stod fyre mynstringi; og dei vart sette til å gjera kvar sitt arbeid og bera kvar si byrd; og dei som Moses mynstra, var dei som Herren hadde sett han til å mynstra.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help