Jeremia 37 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I den tidi då Jeremias endå ikkje var sett i fengsel, og babylonarane hadde fare burt frå Jerusalem og gjenge mot egyptarane, bad Sedekias at profeten skulde beda til Gud for han og folket, 1-5. Jeremias svarar at egyptarane ikkje skal vera til nokor hjelp, og at babylonarane skal koma att og taka Jerusalem, som skal verta lagt i øyde, 6-10. Profeten vil fara til Benjaminslandet, men då skuldar dei han for at han vil ganga yver til fienden, og dei slær han og set han i fengsel, 11-16. Dei hentar han til kongen, som vil få eit ord frå Herren av han, og Jeremias forkynner han på nytt lag at han skal verta gjeven i hendene på fiendane. Av di profeten bed um det, lagar kongen det so at han fær mildare fangekår, 17-21.

1Sedekias Josiasson vart konge etter Konja Jojakimsson; for Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde sett han til konge i Judalandet.

2Men korkje han eller tenarane hans eller landslyden høyrde på Herrens ord, som han tala ved profeten Jeremias.

3Og kong Sedekias sende Jehukal Selemjason og presten Sefanja Ma'asejason til profeten Jeremias med den helsingi: Bed for oss til Herren vår Gud!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help