1Dette er det ordet som Herren tala um Babel, um Kaldearlandet, ved profeten Jeremias.
7Alle som fann dei, åt på dei, og fiendane deira sa: Me skal ikkje bøta for det - for di dei hadde synda mot Herren, bustaden åt rettferdi, og mot voni åt federne deira, Herren.
12Mor dykkar vert ovleg til skammar, ho som fødde dykk, blygjest; sjå, den siste millom folki vert ho, ei øydemark, eit turt land og ein aud mo.
13For Herrens vreide skuld, skal det liggja der ubygt og alt igjenom vera ei audn; alle som fer framum Babel, skal reddast og spotta yver alle plagone det hev.
22Det er stridsgny i landet og stort tjon.
23Kor han er broten og knasa den hamaren som slo all jordi! Kor Babel hev vorte til ei skræma millom folki!
28Høyr kor dei flyr og bergar seg undan frå Babellandet til å kunngjera i Sion hemnen frå Herren vår Gud, hemnen for templet hans!
32Då skal Sadon snåva og falla, og ingen skal reisa det upp att; og eg vil setja eld på byane der, og han skal øyda alt kringum det.
37Sverd yver hestane og vognene deira og yver alt det framande herfolket hjå dei! Dei skal verta kvinnor. Sverd yver skattane! Dei skal verta rana.
45Høyr difor den rådgjerdi Herren hev teke mot Babel, og dei tankane han hev tenkt mot Kaldearlandet: Sanneleg, dei skal dragsa dei burt, dei små lambi; sanneleg, beitemarki deira skal taka fæla av dei.
46Av ropet: Babel er teke! bivrar jordi, og millom folki skrik dei ende yver seg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.