2. Krønikebok 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Josafat døyr etter han hev sett Joram til konge og gjeve dei andre sønene sine gåvor, 1-3. Joram drep brørne sine og er gudlaus; edomitane fell ifrå han, han slær dei, men kann ikkje leggja dei under seg att, av di Herren ikkje er med han, 4-11. Profeten Elias varslar han i eit brev harde straffedomar frå Gud; fiendane herjer landet og fører burt konone og sønene hans, og sjølv døyr han av ein ulækjande sjukdom, 12-20.

1So for Josafat til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsstaden. Joram, son hans, vart konge etter han.

12Då kom det eit skriv til han frå profeten Elias, og der stod det: So segjer Herren, Gud åt David, far din: For di du ikkje hev fare etter dei vegane som Josafat, far din, og Asa, Juda-kongen, for etter,

13men hev fylgt same vegen som Israels-kongane og lokka Juda-folket og Jerusalems-buane til ulivnad på same vis som Akabs hus lokka folk til ulivnad, og endå til hev drepe brørne dine, som var søner åt din eigen far og var betre enn du,

14so vil Herren no lata eit hardt slag råma folket ditt og sønene dine og konone dine og alt som ditt er,

15og sjølv skal du verta råma av ein svær sjukdom, ein sjukdom i livet, som vert so strid at innvolen din etter år og dag fell ut.

16So eggja Herren upp filistarane og dei arabarane som bur jamsides med etiopane, so dei vart vonde på Joram;

17dei gjorde ei herferd mot Judariket og braut seg inn i landet og førde med seg burt alle eigneluter som fanst i huset åt kongen, og jamvel sønene og konone hans, so han ikkje hadde att nokon son utan Joakas, som var den yngste av sønene hans.

18Etterpå alt dette råma Herren han med ein ulækjande sjukdom i livet,

19og det bar so til at etter år og dag - då tvo år var lidne - valde sjukdomen at innvolen hans fall ut, og han døydde i harde lidingar. Folket hans kveikte ikkje nokon eld for han, som dei hadde gjort for federne hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help