1. Korintar 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Men denne åndelege visdomen hev Paulus ikkje kunna forkynna for korintarane; til det var og er dei enno altfor kjøtlege, 1-4. Sidan korintarane hadde bore seg so rangt åt mot lærarane sine som sagt var i 1. kap., syner Paulus dei no kva ein kristen kyrkjelyd bør sjå i lærarane sine: dei er Herrens tenarar og inkje anna, med sams gjerning, men med serskild ansvar, 5-9. Paulus åtvarar alle som vil taka upp hans gjerning i kyrkjelydane, um at dei må læra med truskap, so dei ikkje misser løni si, 10-15, og trugar dei som freistar å tyna verket hans i kyrkjelydane, 16.17. Men lesarane hev set for mykje på den menneskjelege visdomen og hev difor kome til å rosa seg av menneske; med det hev dei vanvyrdt si eigi høge stoda som Kristi kyrkjelyd, 18-23.

1Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus.

2Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde de ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno,1 Kor 2,6; Hebr 5,12-13

3for di de enno er kjøtlege. For når det er ovund og tretta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskevis?1 Kor 1,10-11; Gal 5,19-20; Jak 3,16

4For når ein segjer: Eg held meg til Paulus og ein annan: Eg til Apollos, er de ikkje då menneske?1 Kor 1,12

5Kva er då Apollos? eller kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg.

6Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.Apg 18,1.4; Jak 1,21; Apg 18,24-26

7So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.

8Den som plantar, og den som vatnar, er eitt; men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid.Sal 62,13; Jer 32,19; Matt 16,27; Op 2,23

9For me er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygnad.2 Kor 6,1; Ef 2,20-21

10Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, og ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til korleis han byggjer uppå!1 Kor 15,10; Ef 2,20

11For annan grunnvoll kann ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus.Jes 28,16

12Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå,

13so skal kvart manns verk verta synbert; dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva.1 Kor 4,5; 2 Tess 1,8; Dan 7,9-10; Mal 4,1

14Um det verket som ein mann hev bygt, stend seg, so skal han få løn;Dan 12,3

15um verket åt ein mann brenn upp, so skal han missa løni; men sjølv skal han verta frelst, men so som gjenom eld.

16Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?1 Kor 6,19; 2 Kor 6,16; Hebr 3,6

17Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for Guds tempel er heilagt, og det er de.

18Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat han verta ei dåre, so han kann verta vis!Ordt 3,7; Jes 5,21; 1 Kor 4,10

19For visdomen åt denne verdi er dårskap for Gud. For det stend skrive: Han fangar dei vise i deira klokskap,Job 5,13

20og ein annan stad: Herren kjenner tankane hjå dei vise, at dei er fåfengde.Sal 94,11

21Difor skal ingen rosa seg av menneske; for alt høyrer dykk til,

22anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal - alt høyrer dykk til,1 Kor 1,12; Rom 8,38

23Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help