Domarane 15 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Samson hemner seg på filistarane for kona skuld, dei drep kona hans og far hennar; han slær dei ned, 1-8. Dei fer upp og tek på Juda; Judamennene fær binda Samson og gjeva han i hendene åt filistarane, men han slit bandi sund og slær i hel 1.000 mann med kjakebeinet av eit asen, 9-16; han vert brennande tyrst, og Herren let ei kjelda vella fram, 17-19. Han styrer Israel i 20 år, 20.

1Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kje og sa: Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi! Men far hennar vilde ikkje gjeva han lov til det

2og sa: Eg tenkte so visst at du ikkje lika henne meir, og so gav eg henne til brursveinen din. Kann du ikkje taka den yngre systeri i staden? Ho er då mykje venare!

18Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sa: Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i hendene på dei u-umskorne?

19Då opna Gud den hola som er i Leki, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda En-Hakkore; ho er endå i Leki.

20Samson styrde Israel i tjuge år; det var i filistartidi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help