2. Krønikebok 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Dronningi i Saba kjem til Salomo og vil røyna visdomen hans; ho undrast storleg både yver den og yver all herlegdomen hans, prisar Gud, gjev og tek imot store gåvor og fer so heim att, 1-12. Salomo samlar mykje gull og let gjera gullskjoldar, ein kongsstol av flisbein og staup og husgogner av gull, 13-21. Han vert æra av alle og fær jamleg store gåvor, han hev mange hestar og vogner, er mektig og ovrik; han døyr, 22-31.

1Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo, kom ho til Jerusalem og vilde røyna han med gåtor. Ho kom med eit drusteleg fylgje, og førde med seg på kamelar kryddor og ei ovmengd med gull og dyre steinar. Då ho hadde stige inn hjå Salomo, tala ho med han um alt som låg henne på hjarta.1 Kong 10,1-13; Matt 12,42

2Og Salomo tydde alle gåtone hennar; det var ikkje eit einaste ord av det ho sa, som var dult for Salomo, so han ikkje kunde tyda det.

3Då Saba-dronningi vart var visdomen åt Salomo og såg huset han hadde bygt,

4og rettene på bordet hans, og hirdmennene hans der dei sat, bordsveinane som stod kringum, og klædnaden deira, og skjenkjarsveinane og klædnaden deira, og den troppi han gjekk upp etter til Herrens hus, vart ho reint frå seg av undring

5og sa til kongen: So var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt um deg og visdomen din!

6Eg vilde ikkje tru det dei fortalde, fyrr eg kom og fekk sjå det med eigne augo; men no ser eg at dei ikkje hev fortalt meg det halve um visdomen din; du er endå større enn det gjetordet eg hev høyrt.

7Sæle er mennene dine, sæle er desse tenarane dine, som allstødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din!

8Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud! Det er av di din Gud hev Israel kjært og vil halda det uppe i all æva, at han sette deg til konge yver dei, so du skulde fremja rett og rettferd.2 Krøn 2,11

9So gav ho kongen hundrad og tjuge talentar gull og ei stor mengd med kryddor og dyre steinar; det hev aldri funnest slik ei mengd kryddor i landet som det Saba-dronningi gav kong Salomo.

10Elles hadde no og folki åt Huram og folki åt Salomo, dei som henta gull frå Ofir, både sandeltre og dyre steinar med seg derifrå.2 Krøn 8,18

11Av sandeltreet let kongen gjera tropper til Herrens hus og til kongshuset og citarar og harpor til songarane. Noko slikt hadde aldri vore set i Judalandet fyrr.

12Kong Salomo gav Saba-dronningi alt ho hadde hug på og bad um, umfram det ho fekk i lika for det ho hadde havt med til kongen. So tok ho av stad og for heim att til landet sitt med fylgjesveinane sine.

13Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog seks hundrad og seks og seksti talent;

14då var det ikkje medrekna det som kjøpmennene og kræmarane kom med; alle kongane i Arabia og alle landshovdingane kom og med gull og sylv til Salomo.

15Kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av hamra gull - det gjekk seks hundrad sekel gull med til kvart skjold -1 Kong 10,16; 14,26

16og tri hundrad små skjoldar, som og var av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tri hundrad sekel gull. Alle desse skjoldane sette kongen i Libanonskoghuset.

17Kongen let og gjera ein stor kongsstol av filsbein og klædde han med skirt gull.

18Kongsstolen hadde seks troppesteg og ein fotskammel av gull, som var fastgjord til kongsstolen. På båe sidor av sætet var det stolarmar, og innmed stolarmane stod tvo løvor.

19På dei seks troppestegi stod det og løvor på båe sidone, tolv i talet. Maken til kongsstol hev aldri vore gjord i noko anna kongerike.

20Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle husgognene i Libanonskoghuset var og av fint gull. Sylv var ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

21For kongen hadde skip som for til Tarsis saman med folki hans Huram; ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi heim, ladde med gull og sylv og filsbein og apor og påfuglar.

22Kong Salomo gjekk framum alle andre kongar på jordi i rikdom og visdom.

23Frå alle verdsens kantar kom det kongar og vilde sjå han og høyra visdomen som Gud hadde lagt i hjarta hans.

24Og alle hadde dei gåvor med; sylv og gull og klædebunader, våpen og kryddor, hestar og muldyr; so gjorde dei år etter år.

25Salomo hadde fire tusund stallrom for hestar og stridsvogner og tolv tusund hestfolk; av dei la han sume i vognbyane, og sume hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.2 Krøn 1,14; 1 Kong 4,26

26Han rådde yver alle kongane frå elvi til Filistarlandet og alt til bytet med Egyptarland.1 Kong 4,21

27Kongen gjorde sylvet likso vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtrei i låglandet.2 Krøn 1,15-17; 1 Kong 10,27-29

28Frå Egyptarland og alle andre land førde dei hestar til Salomo.

29Det som meir er å segja um Salomo, både i hans fyrste og i hans seinare dagar, det stend skrive i krønikeboki åt Natan, profeten, og i spådomsboki åt Akia frå Silo og i syni åt Jedi, sjåaren, um Jeroboam Nebatsson.1 Kong 11,41-43

30Salomo sat konge i Jerusalem og rådde yver heile Israel i fyrti år.

31So for han til federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin; og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help