Salmane 70 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David bed Gud um snar hjelp, so fiendane må verta til skammar, og so dei som søkjer Gud, kann gleda seg, 2-6.

1Til songmeisteren; av David; til minne.

2Gud, kom og berga meg! Herre, skunda deg og hjelp meg!Sal 40,14-18

3Lat dei verta til skam og spott, alle som stend etter mitt liv! Lat dei vika attende og skjemmast, dei som ynskjer meg vondt!

4Lat dei snu for si skjemd dei som segjer: Ha, ha!

5Lat dei fegnast og gleda seg i deg, alle dei som søkjer deg! Lat dei som elskar di frelsa, alltid segja: Høglova vere Gud!

6For eg er arm og fatig; Gud, kom snart til meg! Du er mi hjelp og min frelsar; Herre, dryg ikkje!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help