1So tok Israels-borni ut att og lægra seg på Moabøydemarkene, på hi sida av Jordanelvi, beint fyre Jeriko.
2Då Balak, son åt Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amoritane,
3då vart redsla stor i Moab. Moabitane fælte seg for dette folket som var so mannsterkt,
4og sa til hovdingane i Midian: No kjem denne store hopen til å eta upp alt ikring oss, liksom uksane når dei gneg snaudt på bøen. Og Balak Sipporsson - han var konge i Moab på denne tid -
5sende menner til Bileam, son åt Beor, som åtte heime i Petor ved Storelvi; dei skulde beda han koma og segja han det for kongen: Det hev kome eit folk frå Egyptarland; dei er so mange at dei fyller heile landet, og dei hev slege seg ned midt fyre meg.Jos 24,9; Mi 6,5
6Kjære deg, kom og banna det folket for meg; for dei er meg for sterke - kann henda eg då kunde vinna yver dei og driva dei ut or landet; for eg veit at den du signar, er velsigna, og den du bannar, er forbanna.
7Sendemennene var av det gjævaste folket i Moab og Midian; dei tok av stad og hadde spåmannsløn med seg, og då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.2 Pet 2,15
8Då sa han til dei: Ver her i natt, so skal eg gjeva dykk svar, etter det som Herren segjer meg fyre. So gav Moab-hovdingane seg til hjå Bileam.
9Då kom Gud til Bileam og sa: Kva er det for folk som er hjå deg?
10Bileam svara: Balak, son åt Sippor, Moabs konge, sender bod til meg og segjer:
11Her hev kome eit folk frå Egyptarland, og dei er so mange at dei fyller alt landet. Kom no og banna det for meg, so trur eg vist eg skal råda med dei og jaga dei ut.
12Då sa Gud til Bileam: Gakk ikkje med dei! Du skal ikkje banna det folket; for dei er velsigna.
13Um morgonen sa Bileam til hovdingane som Balak hadde sendt til han: Far heim att til landet dykkar! For Herren vil ikkje gjeva meg lov til å fylgja med dykk.
14So tok Moab-hovdingane av stad, og då dei kom heim att til Balak, sa dei: Bileam vilde ikkje vera med oss.
15Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn fyrste gongen.
16Då dei kom til Bileam, sa dei til han: Balak, son åt Sippor, helsar deg og segjer, Gode deg, kom! Seg ikkje nei!
17Eg skal visa deg stor æra og gjera alt det du segjer, berre du vil koma og banna dette folket for meg.
18Bileam svara kongsmennene so: Um Balak gav meg heile huset sitt fullt med sylv og gull, so kunde eg ikkje gjera imot det som Herren min Gud hev sagt, korkje i smått eller stort.
19Men ver no de og her natti yver, so fær eg høyra kva meir Herren hev å segja meg.
20Då kom Gud um natti til Bileam og sa til han: Er desse mennene komne her på den måten at dei vil få deg med seg, so kann du ferda deg til å fylgja dei; men gjer ikkje anna enn som eg segjer til deg!
21Um morgonen stod Bileam upp og sala asna si, og for so i veg saman med Moab-hovdingane.
22Men Gud vart harm for di han tok ut, og Herrens engel kom imot han og stod på vegen som ein fiende då han kom ridande på asna i lag med båe sveinane sine.
23Og asna såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi; då tok ho av vegen og ut på marki; men Bileam slo henne, so ho skulde halda vegen.
24Sidan møtte Herrens engel i ei geil millom vinhagane. På båe sidor var det steingard,
25og då asna såg Herrens engel, strauk ho seg innåt garden og klemde foten åt Bileam mot steinane. Då slo han henne att.
26So gjekk Herrens engel framum endå ein gong og stod i eit trongt klemstre; der var det ikkje råd å vika undan, korkje til høgre eller vinstre,
27og med same asna fekk sjå Herrens engel, la ho seg ned under Bileam. Då vart han harm og slo henne med staven.
28Men Herren gav asna mål, og ho sa til Bileam: Kva hev eg gjort deg? No er det tridje gongen du slær meg.2 Pet 2,16
29Bileam svara: Du hev havt meg til narr. Hadde eg berre eit sverd i handi, so skulde eg slå deg i hel med det same.
30Då sa asna: Er ikkje eg asna di, som du hev ride på all di tid til denne dag? Hev eg nokor tid havt for vis og fara soleis med deg? Bileam svara: Nei,
31og i det same opna Herren augo hans, so han såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi. Då kasta han seg på kne og bøygde hovudet.
32Og Herrens engel sa til han: Kvi hev du fare so og slege asna di tri gonger? Det er eg som hev møtt deg som ein fiende; for eg ser at denne vegen fører i ulukka.4 Mos 22,22
33Og asna såg meg og tok av vegen for meg alle tri gongene. Hadde ikkje ho teke av vegen, so hadde eg no drepe deg, men asna hadde eg spart.
34Då sa Bileam til Herrens engel: Eg hev synda, av di eg ikkje skyna at du stod framfyre meg på vegen; men er dette deg imot, so skal eg venda heim att.
35Herrens engel svara: Nei, far no du med mennene, men seg ikkje eit ord anna enn det som eg segjer deg fyre! So fylgde Bileam med hovdingane åt Balak.
36Då Balak fekk høyra at Bileam kom, for han til møtes med han til den byen som låg nørdst i Moabriket, ved Arnon, ytst utmed landskilet.
37Og Balak sa til Bileam: Sende eg ikkje einkom bod og bad deg til meg? Kvi vilde du ikkje koma? Trur du ikkje eg er god til å visa deg æra nok?
38Bileam svara: No ser du eg er komen. Men det er vandt um eg kann segja noko; dei ordi som Gud legg meg i munnen, lyt eg tala.4 Mos 23,12.26
39So fylgde han med Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.
40Der ofra Balak storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han.
41Morgonen etter tok kongen Bileam med seg upp på Bamot-Ba'al; derifrå kunde han sjå enden av Israelslægret.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.