1. Kongebok 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Salomo kallar i hop styresmennene i Israel og fylkeshovdingane og let prestane bera Herrens kista inn i templet; Herrens herlegdom fyller det, 1-11. I dette ser han ein uppfylling av Herrens lovnad og eit vitnemål um at Herren hev valt templet til bustad åt seg; han velsignar folket og prisar Herren; som hev halde lovnadene han gav David, med di han let Salomo byggja dette huset, 12-21. Han bed at Herren vil hava sitt auga vendt mot dette huset og i sin himmel høyra bønene åt dei som bed til han med audmjuke og ærlege hjarto, anten i huset eller so at dei vender seg mot det, 22-53. Han velsignar folket ein gong til, prisar Herrens miskunn og truskap og bed at han vil vera med Israel framleides, 54-61. Kongen og folket ofrar og høgtidar lauvhyttehelgi; folket fer heim i stor gleda, 62-66.

1Då kalla Salomo styresmennene i Israel og fylkeshovdingane - fyrstane i ættgreinene åt Israels-borni - i hop hjå seg i Jerusalem; dei skulde henta Herrens paktkista upp frå Davidsbyen - det er Sion.

3Då alle styresmennene i Israel var komne, tok prestane Herrens paktkista

4og bar henne upp. So vart og gjort med møtetjeldet og alle dei heilage gognene som var i tjeldet; det var prestane og levitane som bar dei upp.

5Og kong Salomo med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå han, stod framfor kista; og dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen var god til å telja eller rekna dei.

6So bar prestane Herrens paktkista inn på staden ho skulde stå, i tempelkoret, i det høgheilage romet, under kjerubvengene.

38og kvar gong då eit menneske eller heile folket ditt, Israel, ber fram ei bøn eller eit audmjukt ynske, for di dei kjenner styngen i samvitet sitt, og rettar ut hendene mot dette huset,

39so vil du høyra det i himmelen, der du bur, og du vil tilgjeva og taka frami og lata kvar mann få att etter åtferdi si, du som kjenner hjarta hans - for det er berre du som kjenner hjarto åt alle manneborn -

66Den åttande dagen bad han farvel med folket, og dei helsa kongen og for til heimane sine, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help