Hosea 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Hoseas refser Israels-folket for dei mange stygge syndene som dei dreiv på med stødt og stendigt, og trugar dei og serleg prestane deira, som gjorde seg ein næringsveg av syndene åt folket, med at Gud vil straffa dei hardt, 1-14. Juda må ikkje fara åt som Israel, som til straff for trassigskapen sin skal verta ført til eit framandt land, 15-19.

1Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med dei som bur i landet, av di det ingi sanning finst i landet og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.

2Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer fram med vald, og mord fylgjer på mord.

3Difor skal landet visna, og alt som bur der, sjukna burt, både dyri på marki og fuglane i lufti; jamvel fiskane i havet skal setja til.

9Difor skal det ganga med presten som folket; eg skal heimsøkja han for hans åtferd og gjeva han lika for hans gjerningar.

16For Israel er som ei balstyri ku; men no skal Herren lata dei beita som lamb på vidåtta.

17Efra'im er bunden til avgudsbilete; so fær han då fara!

18Rusen deira er slutt; hor hev skjoldane deira drive, høgt hev dei elska det som skamleg er.

19Ein storm grip dei med vengene sine, og dei skal verta til skammar med offeri sine.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help