1Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song. /
2Gud er vår hyggja og vår styrke, ei hjelp i trengslor, røynd og funni stor.Sal 18,2-3; Ordt 18,10
3Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar i havsens hjarta,
4um havbårone dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.Sal 46,7; 65,8; 93,3-4
5Der er ei å, hennar bekker gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.Sal 36,9
6Gud er midt i han, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper han i morgonlysingi.Sef 3,17; Sak 2,9; Matt 16,18
7Folkeslag rasa, rike vart rikka; han let si røyst ljoda, jordi bråna.Jes 8,9-10; 17,12
8Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.Rom 8,31
9Kom og sjå Herrens storverk, som hev gjort øydeleggjing på jordi.Sal 66,5
10Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognene brenner han upp i eld.Sal 76,4; Jes 9,5; Hos 2,18
11Hald upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.
12Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.