Joel 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten spår at den Heilage Ande sidan skal verta utrend yver alle utan skilnad på kyn, alder og stand, ein spådom som peikar fram mot tidi åt det nye testamentet, 1-2, og talar so um domsdagen og dei underfulle teikni som skal ganga fyreåt, og lovar at alle som då kallar på Herren skal verta frelste, 3-5. Til slutt skildrar han den domen som Herren same dagen skal halda yver alle fiendane åt folket sitt, 6-22, og herlegdomen i gudsriket etter denne domen, 23-26.

1Og sidan skal det henda at eg vil renna ut min Ande yver alt kjøt, og dykkar søner og døtter skal tala profetord; dei gamle hjå dykk skal hava draumar, ungdomen dykkar skal sjå syner;

8um mitt folk kasta dei lut, dei gav ein gut for ei skjøkja, ei gjenta selde dei for vin, og den drakk dei upp.

9Og de, Tyrus og Sidon, og alle Filistarlands bygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gjeva meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Snøgt og brått let eg det de hev gjort, koma att på dykkar eige hovud.

10De som tok sylvet og gullet mitt og førde mine dyraste skattar til templi dykkar,

11og Judas og Jerusalems born selde de til Javans-borni, so de skulde få dei langt burt frå sitt land.

12Sjå, eg ropar dei fram att frå den staden de selde dei til, og let det de hev gjort, koma att på dykkar eige hovud.

13Eg skal selja dykkar søner og døtter til Juda-borni, og dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt undan; for Herren hev tala.

14Ropa dette ut millom heidningfolki, bu dykk til ein heilag krig, ropa på kjempone, lat alle hermenner koma og draga ut!

15Smid hakkone um til sverd og hageknivane til spjot! Veiklingen segje: Eg er ei kjempa.

17Heidningfolki skal vakna og fara til Josafatsdalen; for der vil eg sitja til doms yver folki rundt ikring.

22Og de skal sanna at eg er Herren dykkar Gud, som bur på Sion, mitt heilage fjell; Jerusalem skal vera ein heilag stad, og framande skal aldri meir trengja seg inn der.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help