Jesaja 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Kongane i Syria og Israel hev slege seg i hop mot kong Akas og vil hertaka landet hans og støyta Davidsætti frå kongsstolen; Akas og folket hans er redde, vantruande som dei er. Esaias segjer til Akas at kongane ikkje skal greida fullføra det dei hev tenkt seg til, men at Israels-riket sjølv skal ganga til grunns, 1-9. Akas aktar ikkje på det profeten segjer; då byd profeten han eit teikn som kann stadfesta ordi hans. Kongen hyklar og viser tilbodet ifrå seg; då forkynner profeten at Herren sjølv vil gjeva eit sovore teikn, med di Messias skal verta fødd av ei møy, og legg til at innan stutt tid skal fiendelandi sjølve verta øydelagde, 10-16. Til straff for at kongen og folket hev vore vantruande, skal Assur-kongen tyna Judariket og, 17-25.

1I dei dagane då Akas, son åt Jotam og soneson åt Ussias, var konge i Juda, gjorde Resin, kongen i Syria, og Pekah Remaljason, Israels-kongen, ei herferd mot Jerusalem; men han kunde ikkje koma til med noko åtak.

2Og då det vart meldt til Davids hus at syrarane hadde lægra seg i Efra'im, so skalv hjarta hans og hjarta åt folket hans, liksom tre i skogen skjelv i vinden.

3Men Herren sa til Esaias: Gakk av stad, du og Sjear Jasjub, son din, og møt Akas ved enden av vassleidingi frå Øvredammen, attmed ålmannvegen til Vaskarvollen,

4og seg til han: Tak deg vel i vare og hald deg i ro! Ottast ikkje og ver ikkje hugfallen for desse tvo rjukande brand-molane, for blodsinnet åt Resin og Syria og Remaljasonen!

5Etter di Syria med Efra'im og Remaljasonen hev lagt upp meinråder mot deg og sagt:

6Me vil fara upp imot Juda og skjota det støkk i bringa og hertaka det og setja Tabe'elssonen til konge der -

7difor segjer Herren, Israels Gud: Det skal ikkje lukkast, det skal ikkje henda.

14So skal då Herren sjølv gjeva dykk eit teikn: Sjå, møyi vert med barn og føder ein son, og ho kallar han Immanuel.

15Sur mjølk og honning skal vera maten hans ved det leitet då han skynar å vanda det vonde og velja det gode;

16for innan sveinen hev skyn på å vanda det vonde og velja det gode, so skal det verta audt for folk i landi åt dei tvo kongane som du fæler for.

17Og yver deg og yver folket ditt og yver farshuset ditt skal Herren lata dagar koma som det ikkje hev vore maken til alt ifrå den tid då Efra'im skilde seg frå Juda - Assur-kongen.

21I den tidi skal ein mann halda ei kviga og tvo sauer;

22men han skal få so mykje mjølk at han kann leva av surmjølk; for alle som finst att i landet, skal leva av sur mjølk og honning.Jes 7,15

23Og det skal verta soleis i den tidi at der det no stend tusund vintre, som er verde tusund sekel sylv, der skal det berre veksa torn og tistel alle stader.

24Med pil og boge skal ein ganga dit; for alt landet skal verta til torn og tistel.

25Og alle dei lider der dei no brukar hakka, skal ingen meir setja sin fot i av otte for torn og tistel; dei skal vera hamnegangar åt uksar, og utmark som vert nedtrakka av sauer.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help