Jesaja 66 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren segjer til dei som vil byggja han eit tempel, men samstundes dyrkar avguder og er ulydige mot hans ord, at han ikkje treng til noko tempel og styggjest ved offeri deira. Berre dei audmjuke tekkjest honom; dei ovmodige hyklarane vil han føra ulukke yver, 1-4. So vendar han seg til dei audmjuke og forkynner dei at dei ugudlege brørne deira, som hatar dei og spottar trui og voni deira, skal få si straff, 5.6; lyden sin vil han auka brått og velsigna rikt til trøyst og gleda for dei som elskar han, 7-14, men fiendane åt lyden vil han rydja ut med ein skræmeleg vreidedom, 15-17. Med harde domar og med evangelie-forkynning vil han kalla heidningfolki til sin lyd, gjeva dei lut i Israels åndelege prestedøme og gjenom dei føra attende til seg Israel, som hev falle ifrå og er spreidt utyver heile jordi, 18-21. Den nye lyden, som er samansett av Israel og heidningar, skal tena han æveleg, medan dei vantruande og ugudlege vert straffa med æveleg eld i helvete, 22-24.

1So segjer Herren: Himmelen er min kongsstol og jordi er fotbenken for føtene mine. Kva for eit hus kunde de då byggja meg, og kvar skulde det finnast ein kvilestad åt meg?

8Kven hev høyrt um slikt? Kven hev set sovore? Kjem eit land til verdi på ein einaste dag? Kann eit folk verta født med ein einaste gong? For Sion vart barnsjuk og fødde med same sønene sine.

9Skulde eg opna morsliv og ikkje gjeva føding? segjer Herren. Eller skulde eg som gjev føding, stengja det att? segjer din Gud.

10Gled dykk med Jerusalem og jubla yver henne, alle de som hev henne kjær! Fegnast storleg med henne, alle de som ber sorg for henne!

11So skal de få suga og mettast av hennar hugsvalande barm, de skal få drikka og kveikjast av hennar herlege rikdom.

12For so segjer Herren: Sjå, eg leider fred til henne som ei elv og herlegdomen hjå heidningane som ein fløymande bekk, og de skal få suga; dei skal bera dykk på armen, setja dykk på fanget og kjæla med dykk.

18Eg, eg gjer deira gjerningar og tankar um inkje, den tid kjem då eg samlar alle folk og tungemål, og dei skal koma og sjå min herlegdom.

22For liksom den nye himmelen og den nye jordi som eg skaper, skal standa æveleg for mi åsyn, segjer Herren, so skal og dykkar ætt og dykkar namn standa æveleg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help