Esekiel 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Esekiel var prest og heldt til i Kaldea attmed elvi Kebar (Kaboras) millom dei jødane som var burtførde saman med kong Jojakin (Jekonja). Han fær sjå Herrens herlegdom i ei stor sky som er gjennomstråla av eldskin, og som ein stormvind driv fram frå nord, 1-4. Han ser og skildrar fire levende (kjerubar), 5-14, og fire hjul attmed dei, 15-21, ein kvelv yver dei, og yver han att ein kongsstol; der sit Herren i menneskeskapnad, og derifrå høyrer profeten røysti åt ein som talar, 22-28.
1Det hende i det trettiande året, den femte dagen i fjorde månaden, medan eg var millom dei bortførde attmed Kebarelvi, at himmelen opna seg, og eg såg syner frå Gud.
2Den femte dagen i månaden - det var endå det femte året etter kong Jojakin var burtført -