Rut 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Av di det er uår i landet, fer Elimelek med kona si og tvo søner frå Betlehem til Moab-landet; der døyr Elimelek; sønene hans gifter seg og døyr i Moab, liksom faren, 1-5. No'omi, kona åt Elimelek, råder seg til å fara heim att til Betlehem; den eine verdotteri vert buande i Moab, men hi Rut, vil ikkje skilja lag med henne, 6-18. No'omi og Rut kjem til Betlehem i byggskurden, 19-22.

1I den tidi då domarane styrde, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då for ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og båe sønene sine og vilde bu i Moablandet ei tid.

2Mannen heitte Elimelek, og kona hans No'omi og dei tvo sønene Mahlon og Kiljon; dei var efratitar - frå Betlehem i Juda. No kom dei då til Moablandet og vart veranda der.

3Og Elimelek, mannen hennar No'omi, døydde; men ho sat att enkja med dei tvo sønene sine.

4Sønene tok seg konor frå Moablandet; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der på lag ti år.

5So døydde dei og, både Mahlon og Kiljon, og kvinna levde att åleine etter båe sønene sine og mannen sin.

6Då tok ho ut frå Moablandet med sonekonone sine og for heim att; for ho hadde høyrt i Moablandet at Herren hadde set um folket sitt og gjeve dei brød.

7So gav ho seg i veg frå den staden der ho hadde butt, ho og båe sonekonene hennar. Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Judalandet,

8då sa No'omi til sonekonone sine: Snu no og far heim att, kvar til si mor! Herren vere miskunnsam mot dykk, so som de hev vore mot dei avlidne og mot meg!

21med fulle hender for burt, men tomhendt hev Herren late meg koma att. Kvifor kallar de meg No'omi, når Herren hev vitna mot meg, og den Allmektige hev late det ganga meg so ille?

22So kom då No'omi heim att, og med henne var Rut, Moab-kvinna, sonekona hennar, som hadde flutt frå Moablandet; dei kom til Betlehem fyrstundes i byggskurden.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help