2. Samuelsbok 15 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Absalom freistar å vinna folket for seg med lureferd, og umsider lukkast det han å verta vald til konge i Hebron; han fær Akitofel, rådgjevaren åt David, på si sida, 1-12. Då David fær vita det, rømer han frå Jerusalem med mennene sine, men Herrens kista og Sadok og Abjatar, prestane, vil han ikkje hava med seg; og han vil at sønene deira skal bera bod til han um kva Absalom emnar på, 13-29. David gjeng gråtande yver Oljeberget; der møter Husai han, men David sender han attende til Absalom, han skal freista å gjera Akitofels råd mot David til inkjes, 30-37.
1Då det leid um eit bel, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang fyre han.
25Men kongen sa til Sadok: Du skal flytja Guds paktkiste attende til byen! Hev Herren godvilje for meg, let han meg koma heim att, so eg fær sjå att kista og bustaden hennar.
26Men segjer han: Eg hev ikkje hugnad i deg - so er eg her; han fær gjera med meg som han tykkjer rett vera.