Matteus 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Læresveinane riv av aks på sabbaten, 1-8. Jesus lækjer ei nomi hand på ein sabbat, 9-14. Han fer stilt og spaklyndt fram, 15-21, lækjer ein forgjord, forsvarar seg mot den skuldingi frå farisearane at han stend i samband med djevelen, og åtvarar mot synd mot den Heilage Ande, 22-37; farisearane krev eit teikn av han, og han viser dei til Jonas-teiknet, 38-45. Jesus segjer kven som er hans rette skyldfolk, 46-50.
1I den tidi gjekk Jesus på ein sabbat yver åkrane. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.