1Manasse var tolv år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i fem og femti år.2 Kong 21,1-18
2Han gjorde det som Herren mislika, og fylgde dei avstyggelege skikkane åt dei heidningfolki som Herren hadde drive burt frå Israels-borni.5 Mos 18,9; 1 Kong 14,24; 2 Krøn 36,14
3Han bygde upp att offerhaugane som Esekias, far hans, hadde rive ned, og reiste altar for Ba'alane og laga Astarte-bilete, og han tilbad og dyrka heile himmelheren.2 Kong 18,4
4Han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: I Jerusalem skal namnet mitt bu til æveleg tid.1 Kong 9,3
5For heile himmelheren bygde han altar i båe fyregardane til Herrens hus.
6Han let sønene sine ganga gjenom elden i Hinnomssonsdalen og for med spåkunster og varseltyding og trolldom og leigde folk som mana fram daudingar og spåvette; han gjorde mykje som Herren mislika, so han vekte hans vreide.3 Mos 18,21; 20,2; 19,26
7Det utskorne biletet som han hadde gjort, sette han i Guds hus, som Gud hadde sagt DET um til David og Salomo, son hans: I dette huset og i Jerusalem, som eg hev valt ut or alle Israels fylke, vil eg lata namnet mitt bu i all æva,2 Krøn 7,12.16
8og eg vil aldri meir lata Israel fara heimlaus burt frå det landet eg etla fedrane deira - so sant dei berre legg vinn på å gjera alt det eg hev sett dei fyre, etter heile den lovi og alle dei bodi og fyresegnene dei fekk gjenom Moses.
9Men Manasse førde Juda- og Jerusalems-folket på avveg, so dei gjorde endå meir vondt enn dei heidningfolki som Herren hadde rudt ut for Israels-borni.
10Herren tala til Manasse og folket hans, men dei akta ikkje på det.2 Krøn 24,19
11Difor let Herren herhovdingane åt assyrarkongen koma yver dei, og dei fanga Manasse med krokar og batt han med tvo koparlekkjor og førde han til Babel.
12Men då han var stadd i naud, søkte han nåde hjå Herren sin Gud og audmykte seg djupt framfor sin fedre-Gud.
13Og då han bad til Herren, let han seg beda; han høyrde den audmjuke bøni hans og let han få koma heim att til Jerusalem og få att riket sitt. Då sanna Manasse at det er Herren som er Gud.2 Krøn 7,12.16
14Sidan bygde Manasse ein utmur for Davidsstaden vestanfor Gihon i dalen og til inngangen gjenom Fiskeporten; han let muren ganga ikring Ofel og gjorde han munaleg høg. I alle dei faste byane i Judariket sette han herhovdingar.
15So hadde han burt or Herrens hus dei framande gudane og avgudsbiletet og alle altari han hadde reist på det fjellet der Herrens hus stod, og i Jerusalem, og kasta dei ut or byen.
16Han reiste upp att Herrens altar og ofra takkoffer og lovoffer på det, og han sa til Juda-folket at dei skulde tena Herren, Israels Gud.
17Sidan heldt vel folket heldt ved og ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.
18Det som meir er å segja um Manasse og bøni hans til sin Gud og dei ordi sjåarane tala til han i namnet åt Herren, Israels Gud, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
19Og bøni hans og korleis han vart bønhøyrd, og all syndi og utruskapen hans og dei stadene der han bygde offerhaugar og sette upp Astarte-bileti og dei utskorne bileti, fyrr han audmykte seg, det er det skrive um i krønikeboki åt Hosai.
20So for Manasse til federne sine, og dei gravla han i huset hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
21Amon var tvo og tjuge år gamal då han tok styret, og han sat tvo år konge i Jerusalem.2 Kong 21,19-26
22Han gjorde det som Herren mislika, liksom Manasse, far hans, hadde gjort; alle dei utskorne bileti som Manasse, far hans, hadde late gjera, dei ofra Amon til og dyrka dei.
23Men han audmykte seg ikkje for Herren, som Manasse, far hans, hadde gjort. Han - Amon - auka heller syndeskuldi endå meir.
24Mennene hans Amon svor seg saman mot han og drap han i hans eige hus.2 Kong 12,20
25Men landslyden hogg ned alle dei som hadde svore seg saman mot kong Amon, og so tok dei Josias, son hans, til konge i staden hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.