Esekiel 19 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I ein syrgjesong yver Israels fyrstar, 1, skildrar Esekiel fyrst gudløysa og straffi åt tvo av dei siste jødiske kongane, Joakas, som vart burtførd til Egyptarland, 2-4, og Jojakin, som vart burtførd til Babel, 5-9, og so den syrgjelege lagnaden åt jødefolket sjølv; det hev sokke ned frå stordomen og velmakti det åtte fyrr, og sidan vorte planta um i framand jord (Babel); der sjuknar det burt, og Sedekias skal valda at det gjeng reint til grunns, 10-14.

1Og du, set i med ein syrgjesong yver Israels fyrstar

2og seg: Kvar er mor di? Ei løvemor. Millom løvor låg ho; millom ungløvor ol ho sine ungar.

3Ho fødde upp ein av ungane sine; ei ungløva vart han, han lærde å rana og røva, menner åt han.

4Men heidningfolk fekk høyra um han; han vart fanga i deira grav, og med naseringar på vart han førd til Egyptarland.

6Han sveiv ikring millom løvor, ei ungløva sjølv, og han lærde å rana og røva, menner åt han.

7Han skjemde enkjone deira og la deira byar øyde, og landet og alt som der var, tok fæla av buringi hans.

8Då sette dei garnet sitt upp imot han, folki frå fylki rundt ikring, og breidde det ut yver han; han vart fanga i gravi dei grov.

9So gav dei han krok i nosi og sette han i eit bur og førde han til kongen i Babel; der sette dei han i ei tjukkmura borg, so ingen skulde høyra røysti hans meir på Israelsfjelli.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help