1Herren hadde sagt til Moses: Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og Egyptarland, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut med alt det de hev.2 Mos 12,31-33.39
2Seg no so folket høyrer på, at kvar mann skal beda grannen sin og kvar kvinna grannekvinna si um sylv og gull!2 Mos 3,21-22; 12,35-42
3Og Herren gjorde det slik at egyptarane fekk godvilje for folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for tenarane åt Farao og for hitt folket.
4Og Moses sa: So segjer Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.
5Då skal det døy alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsætet sitt, til den frumborne sonen åt trælkvinna, som sit og dreg landkverni, og alle frumsungane i buskapen.2 Mos 4,23; 12,29
6Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt skrik anten fyrr eller sidan.
7Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe, so de skal verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.
8Då skal alle desse tenarane dine koma ned til meg og kasta seg ned for meg og segja: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og so skal eg fara. Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.
9Som Herren hadde sagt til Moses: Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet,2 Mos 3,19-20
10so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren gjorde Farao strid i hugen, so han slepte ikkje Israels-borni or landet sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.