Job 37 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Elihu held fram og talar um korleis Guds storvelde syner seg i naturi. Han skildrar den fælslege toredunen og ljonet; like eins korleis Gud sender snø og regn, som meinkar mennesket i arbeidet og jagar villdyri i hi, vinterstormar, kulde og is, og regntunge skyer, som han tuktar eller velsignar menneski med, 1-13. Job skal tenkja på at han slett ikkje kann skyna desse underi og andre av liknanade slag, endå mindre gjera dei sjølv, og at han difor ikkje må lasta Gud; med det vil han berre føra seg sjølv i ulukka, 14-20. Mennesket kann nok henta gull langt undan, men Guds herlegdom kann det ikkje skyna, kor klår han enn er; den Allmektige er uskynande, men ikkje urettferdig; difor hev menneski age for han, men dei sjølvkloke ansar han ikkje, 21-24.

1Ja, dette skjelv mitt hjarta for, av redsla hoppar det i barmen.

2Høyr, høyr på braket av hans røyst, den dun som gjeng ut or hans munn!

8Då gjeng villdyri inn i sine holor, held seg i ro i sine hi.

9Frå inste kammeret i sud kjem storm, og nordanvinden kjem med kulde.Sal 135,7

10Av anden frå Guds munn kjem is, dei vide vatni kjem i tvang.

11Han fyller skyene med væte og breider sine eldingsskyer;

12dei sviv og svingar hit og dit, alt etter som han leider dei, so dei skal gjera alt han byd dei, utyver all den vide jord;

13anten til tukt, når det kann gagna jordi, eller til signing sender han dei ut.

14Vend øyra ditt til dette, Job! Statt still og akta på Guds under!

15Skynar du vel korleis Gud styrer dei og let ljon skimta fram or sine skyer?

16Skynar du korleis skyi sviv i lufti, skynar du underi åt den Allvise,

17du som læt ille av di klædi vert so heite, når jordi ligg der dormande i sunnanvind?

18Kann du vel kvelva himmelen med han, fast som ein spegel, gjord av støypt metall?

19Lær oss kva me skal segja til han! Me kann ikkje få noko fram for berre myrker.

20Skal han få bod at eg vil tala med han? Hev nokon sagt at han hev hug å tynast?

21Men menneski ser ikkje ljoset, endå det skin so klårt på himmelen, og vind hev fare fram og reinska han.

22Langt nordanfrå kjem gullet hit; kring Gud er det ein fælsleg glans.

23Den Allmektige, han kann me ikkje finna, so ovstor som han er i makt; men retten og den strenge rettferd vil han aldri krenkja.Job 9,4

24Difor ber menneski og age for han; men sjølvklokt folk - han ansar ingen av dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help