3. Mosebok 27 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren gjev lover um løysing for folk som helgar seg til Herren med ein lovnad, 1-8, um attløysing av dyr eller hus eller åkrar som er gjevne til Herren, 9-25, um det som kann helgast til Herren og løysast att, 26-29, og um attløysing av tiend, 30-33. Sluttord, 34.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når ein lovar å helga seg sjølv eller eit anna menneske til Herren, so skal du verdsetja den som er burtlova:

3Verdet på ein mann som er millom tjuge og seksti år, skal vera femti sylvsekel i heilag mynt;

4er det ei kvinna, so skal du setja verdet til tretti sekel.

5Eit menneske som er millom fem år og tjuge år, skal du setja i tjuge sekel dersom det er ein kar, og i ti sekel dersom det er ei kvinna.

6Er det eit barn millom ein månad og fem år, so skal verdet på ein gut vera fem sylvsekel og på ei gjenta tri sylvsekel.

7Dei som er seksti år eller meir, skal du setja i femtan sekel i fall det er menner, og i ti sekel i fall det er kvinnor.

8Er nokon so fatig at han ikkje kann greida ut pengane, so skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdet etter utkoma åt han som gjorde lovnaden.

9Er det dyr som er burtlova, av dei som folk ber fram til offer for Herren, so skal alt ein gjev Herren av slikt, reknast for heilagt.

10Ein må ikkje byta det um eller gjeva eit anna dyr i staden, korkje eit ringt for eit godt eller eit godt for eit ringt. Byter ein det like vel i eit anna dyr, so skal båe tvo gjelda for heilage.

11Men er det eit ureint dyr, eit av dei som ein ikkje kann gjeva Herren i offergåva, so skal det leidast fram for presten,

12og presten skal verdsetja det etter som det er til, godt eller ringt; det som du, prest, set det i, det skal vera prisen på det.

13Vil eigaren løysa det att, so lyt han leggja femteparten meir enn det er verdsett til.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help