1. Kongebok 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Salomo byggjer eit drusteleg hus med ein fyregard åt seg sjølv og, 1-12. Hiram, ein kunstnar frå Tyrus, gjer tvo gilde koparsulor til templet, 13-22, like eins eit støypt vasskjer som låg på tolv koparuksar, og ti koparkjer på ti fotstykke av kopar, 23-39, og andre gogner av kopar, 40-47, dessutan tvo gull-ljosestakar og andre ting av gull. Templet vert ferdigt, og alt det som David hadde helga, vert bore inn i det, 48-51.

1Sitt eige hus bygde Salomo på i trettan år fyrr han fekk det heilt ferdigt.

16So gjorde han tvo sulehovud til å setja på toppen av sulone; dei var støypte av kopar, og kvart sulehovud var fem alner høgt.

17På sulehovudi var det liksom nokre net eller flettingar - snorer som var laga som kjedor - sju på kvart sulehovud.

18Og han gjorde tvo rader med granateple rundt ikring på det eine av neti som skulde hylja sulehovudi, og soleis gjorde han og med det andre sulehovudet.

19Sulehovudi var på skap som liljor, liksom i forhalli, fire alner uppetter.

20På båe sulone var det sulehovud, ovanfor og, tett innmed den kuven som var på hin sida av fletteverket. Granatepli var tvo hundrad i talet og hekk i rader rundt ikring på det andre sulehovudet.

21So sette han upp sulone innmed forhalli åt templet; den sula som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på vinstre sida, kalla han Boas.

22I øvste enden var sulone på skap som liljor. So var arbeidet med sulone fullført.

23Sidan laga han det støypte havet; det var ti alner frå trøm til trøm og var heiltupp rundt og fem alner høgt; ei snor på tretti alner nådde rundt um det.

30Kvart fotstykke hadde fire koparhjul og åsar av kopar, og på dei fire føtene var det berearmar; dei var støypte på under balja; på kvart av dei var det lauvverk på den andre sida.

31Opningi på henne var innanfor krunestykket og uppetter ei aln høg; opningi i det var rund og laga til underlag, halvonnor aln. På kanten der og var det biletverk; men sidefyllingane firkanta, ikkje runde.

32Dei fire hjuli sat under fyllingane, og hjultappane sat på sjølve fotstykket; kvart hjul var halvonnor aln høgt.

33Dei var på gjerd som eit vanleg vognhjul, desse hjuli; tappane og ringane og eikone og navi - alt saman var støypt.

34På dei fire hyrno av kvart fotstykke var det fire berearmar, og dei var i eitt med fotstykket.

35Øvst på fotstykket var det ein kuv, som var ei halv aln høg og heiltupp rund; det var og handtaki og fyllingane - dei var i eitt med det.

36På flatsida av handtaki og på fyllingane skar han ut kjerubar og løvor og palmor, etter som det var rom til på kvar av dei, og lauvverk rundt ikring.

37Soleis var dei ti fotstykki han gjorde; dei var alle støypte på same vis og hadde eins mål og eins skap.

38So gjorde han ti koparbaljor; kvar balja tok fyrti bat og var fire alner i tverrmål; det var ei balja på kvart av dei ti fotstykki.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help