1Ordtøke av Salomo. / Ein vis son er til gleda for far sin, men ein uvitug son er mor si til sorg.Ordt 15,20; 17,25; 19,13
2Gudløyse-skattar gagnar inkje, men rettferd bergar frå dauden.Ordt 11,4; Esek 7,19
3Herren let ikkje den rettferdige svelta, men giren hjå dei gudlause viser han burt.
4Lat-hand skaper armod, men strevsam hand gjer rik.Ordt 12,24.27
5Ein klok son sankar um sumaren; ein skjemdar-son søv um hausten.Ordt 6,8
6Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause skal deira vald gøyma.Ordt 10,11
7Minnet um den rettferdige lever i velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar.Sal 9,6; 34,17
8Den som hev visdom i hjarta, tek imot bod; men den som hev dåre-lippor, gjeng til grunns.Sal 141,5
9Den som ferdast ulastande, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, han vert kjend.Ordt 10,29-30; 1,33; 2,7; Sal 26,1.11
10Den som blinkar med auga, valdar vondt, og den som hev dåre-lippor, gjeng til grunns.Ordt 6,13
11Rettferdig manns munn er ei livsens kjelda, men munnen åt dei gudlause skal deira vald gøyma.Ordt 10,6; Sal 37,30
12Hat yppar tretta, men kjærleik breider yver alle brot.1 Pet 4,8; 1 Kor 13,4-7
13På vitug manns lippor er visdom å finna, men stokken høver åt uvitings rygg.
14Dei vise gøymer kunnskapen sin, men or dåremunn kann ein venta fåre.
15Rikmanns eiga er hans faste by; fatigfolks armod er deira ulukka.
16Det den rettferdige vinn, tener til liv; ugudleg manns inntekt vert han til synd.Luk 16,19-31
17Ein veg til liv er den som aktar på tukt; men den som ikkje ansar age, fører folk på avveg.Jak 5,20; Ordt 13,1.18
18Den som løyner hat, hev ljugarlippor, og den som ber ut eit låkt ord, er ein dåre.
19Der det er mange ord, vantar det ikkje synd; men den som tøymer lippone sine, er klok.
20Rettferdig manns tunga er som utvalt sylv; hjarta åt dei ugudlege er ingen ting verdt.Ordt 12,18
21Rettferdig manns lippor nærer mange, men dårar døyr, av di dei vantar vit.
22Det er Herrens velsigning som gjer rik, og eige strev og legg inkje til.Sal 127,2
23Dåren finn moro i skjemdarverk, men den vituge mannen i visdom.
24Det den ugudlege gruar for, kjem yver han; men det dei rettferdige ynskjer, skal Gud gjeva dei.Ordt 1,27; Sal 145,19
25Når ein storm fer framum, er den ugudlege burte; men den rettvise stend på æveleg grunn.Ordt 14,32; 1 Joh 2,17
26Som eddik er for tennene og røyk for augo, so er letingen for den som sender han.
27Otte for Herren lengjer livet, men åri åt gudlause folk vert stytte.Ordt 3,2; 14,27; Sal 128,4.6
28Dei rettferdige kann venta gleda, men voni åt gudlause folk vert til inkjes.Ordt 11,7.23
29Herrens veg er vern for den lastelause, men øydeleggjing for illgjerningsmenner.
30Rettferdig mann skal aldri rikkast, men dei ugudlege skal ikkje få bu i landet.Sal 112,6; 104,35
31Rettferdig manns munn ber visdoms frukt, men den falske tunga vert avskori.Sal 37,30; Ordt 8,13
32Rettferdig manns lippor skynar kva som er til hugnad, men munnen på dei ugudlege er berre fals.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.