Esekiel 46 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Fyreretten åt fyrsten når han kjem i templet på sabbatane og nymånedagane, og dei offeri han skal bera fram, 1-15. Kven han kann gjeva burt noko av eigedomen sin til, og på kva vilkår, 16-18. Dei stadene attmed templet der offeri skal kokast, 19-24.

1So segjer Herren, Israels Gud: Porten åt den indre fyregarden, den som snur i aust, skal vera stengd dei seks vyrkedagane, men på sabbatsdagen skal han vera open, og like eins på nymåne-dagen.

2Då skal fyrsten ganga inn gjenom port-forhalli utanfrå og stana attmed port-dørskii; prestane skal ofra brennofferet hans og takkofferi hans, og han skal tilbeda på port-dørstokken og sidan ganga ut att; men porten skal ikkje stengjast fyrr um kvelden.

3Og landslyden skal tilbeda på sabbatane og nymåne-dagane for Herrens åsyn attmed inngangen til den same porten.

4Brennofferet som fyrsten skal ofra til Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lytelause lamb og ein lytelaus ver,

5og til matoffer ein efa attåt veren, men attåt lambi slikt matoffer som han sjølv vil gjeva, og ein hin olje attåt kvar efa.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help