Domarane 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Tola og Ja'ir er domarar i Israel, 1-5. Israel dyrkar avgudar, kjem i naud og ropar til Herren, 6-10. Herren talar til dei um ulydnaden deira, dei sannar syndi si og hev frå seg avgudane, og Herren tykkjer synd i dei, 11-16. Ammonitane bur seg til strid mot dei, 17.18.

1Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son åt Pua Dodoson av Issakars-ætti, og budde i Samir på Efra'imsfjellet.

2Han styrde i Israel i tri og tjuge år. So døydde han og vart gravlagd i Samir.

3Etter han stod Ja'ir frå Gilead fram og styrde Israel i tvo og tjuge år.

4Han hadde tretti søner; dei reid på tretti asenfolar og åtte tretti tjeldbyar, som endå i dag vert kalla Ja'irsbyane; dei ligg i Gileadlandet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help