1I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Sakarias, på den fjorde dagen i niande månaden, i månaden kislev.
2For Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans av stad til å blidka Herren
3og spyrja prestane i huset åt Herren, allhers Gud, og profetane: Skal me gråta og fasta i den femte månaden, som me hev gjort no i mange, mange år?
4Då kom ordet frå Herren, allhers Gud, til meg, og det lydde so:
5Seg til alt folket i landet og til prestane: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for mi skuld de hev fasta?
6Og når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?
7Minnest de ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetane, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i byane rundt ikring, og i sudlandet og låglandet like eins?
8Og Herrens ord kom til Sakarias, og det lydde so:
9Soleis tala Herren, allhers Gud: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame, mot kvarandre!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.