Esekiel 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Nokre av styresmennene i Israel kjem til profeten og vil spyrja Herren. Herren byd at han ikkje skal svara dei, men derimot syna dei kor ugudlege federne deira var, 1-4. Profeten syner dei difor korleis Israel frå fyrst av gong på gong hev trassa Herren og tent avgudane, so han kvar gong berre for sitt eige heilage namn skuld hev late vera å tyna det. Dette hev alt hendt i Egyptarland, 5-9, og sidan tvo gonger i øydemarki; der var både den gamle ætti og den nye ulydig og vart like vel spard, 10-17,18-26. I Kana'an og hev folket alt til no halde ved med avgudsdyrkingi; difor vil Herren ikkje lata dei få spyrja han, 27-31. Dei skal ikkje, som dei sjølve meiner, halda ved med å dyrka avgudane og verta eit heidningfolk, men Herren skal gjera like eins med dei som han i gamle dagar gjorde med federne deira i øydemarki; med store straffedomar skal han skilja dei trassige ut or folket, 32-38, og so skal han føra dei heim att til landet deira; der skal dei tena han og vera til hugnad for han, 39-44. / I ein ny spådom, som held fram i 21. kap., nyttar Esekiel til bilete ein skogbrann som Herren hev kveikt, og forkynner med det at jødefolket skal verta heiltupp tynt, 45-48. Profeten klagar for di folket viser talen hans frå seg som ei uskynleg likning, 49.
1I det sjuande året, den tiande dagen i femte månaden, kom nokre av styresmennene i Israel og vilde spyrja Herren, og dei sette seg framfor meg.
6den dagen rette eg handi i veret på at eg vilde føra dei ut or Egyptarlandet og til eit land som eg hadde leita ut åt dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det fagraste av alle land.
47Seg til sudlands-skogen: Høyr Herrens ord! So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kveikjer ein eld i deg, og han skal svida av kvart eit grønt tre og kvart eit turt tre i deg; den logande elden skal ikkje slokna, men han skal skambrenna kvart eit andlet frå sud til nord.Jer 17,27; Esek 21,3-4
48Og alt kjøt skal sjå at eg, Herren, hev kveikt han; han skal ikkje slokna.
49Då sa eg: Å, Herre, Herre! Dei segjer um meg: Han talar då berre i likningar.