1Namni på ættene er: Frå nordenden langs med Hetlonvegen til burtimot Hamat og Hasar-Enan attmed Damaskusskilet, der skal Dan eiga frå austsida til havet: Dan ein lut.
20Heile gåva skal vera fem og tjuge tusund stenger på lengdi og fem og tjuge tusund på breiddi; ein fjordepart i høve til den heilage gåva skal den eiga vera som de let byen få.
21Og fyrsten skal hava det som er att på båe sidone av den heilage gåva og by-eiga, frammed luten som er fem og tjuge tusund stenger breid, til landskilet mot aust og vestetter frammed dei fem og tjuge tusund stengene til vestskilet, jamsides med ætte-lutene; det skal fyrsten hava, og den heilage gåva og det heilage huset skal liggja midt imillom.
22Det som då ligg millom Judaskilet og Benjaminsskilet, med levit-eiga og by-eiga i midten, det skal fyrsten hava.
23So kjem hine ættene: Frå austsida til vestsida skal Benjamin hava ein lut.
24Frammed Benjaminsskilet, frå austsida til vestsida: Simeon ein lut.
25Frammed Simeonsskilet, frå austsida til vestsida: Issakar ein lut.
26Frammed Issakarsskilet, frå austsida til vestsida: Sebulon ein lut.
27Frammed Sebulonsskilet, frå austsida til vestsida: Gad ein lut.
28Frammed Gadsskilet, på sudsida, skal skilet mot sud ganga frå Tamar til Meribavatni attmed Kades; odelslandet skal nå til Storhavet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.