Salmane 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David bed Herren berga han frå alle dei som forfylgjer han, 2.3; han vitnar um si skuldløysa, 4-6, og bed Gud, som er heimsens domar, skifta rett millom dei og han, 7-10; han vonar Gud vil gjera dette, so han sjølv må verta berga og fiendane verta tynte, 11-14, ser i åndi korleis dei fær lika for åtferdi si, 15-17, og prisar Herren for hans rettferd, 18.

1Ein sjiggajon av David, som han song for Herren på grunn av benjaminiten Kus' ord. /

2Herre, min Gud! Eg flyr til deg; frels meg frå alle mine forfylgjarar og berga meg,

3so ikkje fienden som ei løva skal riva sund mi sjel, brjota sund, og det er ingen som bergar!

7Statt upp, Herre, i din vreide, reis deg mot ofsen hjå fiendane mine, og vakna upp til hjelp for meg, du som hev gjeve påbod um dom!

8Lat samlingi av folkeslagi standa rundt ikring deg, og far upp att yver dei til det høge!

9Herren held dom yver folki. Døm meg, Herre, etter mi rettferd og etter den uskyld som er hjå meg!

14og legg banevåpen til rettes imot han; sine piler gjer han brennande.

15Sjå, han skal til å føda misgjerning; han er umhender med ulukka og føder lygn. /

16Ei grav hev han grave og hola ut; men han fell i den grefti han gjorde.Sal 9,16; Ordt 26,27

17Den ulukka han emna på, kjem att yver hans hovud, og yver hans eigen kvervel fell hans valdsverk ned.Ordt 5,22

18Eg vil prisa Herren etter hans rettferd og lovsyngja namnet åt Herren den Høgste.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help