Nehemja 13 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Alle framande vert utskilde or Israel, 1-3. Nehemias kastar husbunaden åt Tobias ut or det romet i templet som øvstepresten Eljasib hadde stelt til åt han medan Nehemias var burte, 4-9. Nehemias syter for at levitane fær tiendi si, set tilsynsmenner yver upplagsromi, 10-14, forbyd alt arbeid på sabbaten, 15-22, avskipar giftarmåli med framande kvinnor og gjev prestane og levitane fyresegner um det dei skal hava umsut med, 23-31.
1Same dagen vart det lese upp for folket or Moseboki, og der fann dei det skrive at ingen ammonit eller moabit nokosinne måtte vera med i Guds lyd,