Job 16 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Job svarar at ordi åt venene hans berre er til plaga for han; difor kann dei gjerne halda upp å tala - dei hev då ikkje nokon grunn til det heller. Var dei i hans stad, kunde han og trøysta dei med sovorne tome ord, 1-5. Endå han ikkje lenger ventar å få nokor lindring um han talar, er det noko til han lyt få segja: Med di Gud hev heimsøkt han i sin vreide, hev han gjeve folk den trui at han er ein stor syndar; difor hev dei ugudlege spotta og forfylgt han, 6-11; midt i hans fred og lukka hev Gud utan nåde krasa han og søkkt han ned i sorg og jammer, endå han er skuldlaus, 12-17. Han ynskjer at hans undergang ikkje må få vera uhemnd, og med di han er viss på at Gud veit han er skuldlaus, bed han at Gud vil lata han få rett mot motstandarane sine når han no snart er faren or verdi, 18-22.

1Då tok Job til ords og sa:

2Eg hev høyrt mykje slikt som dette; brysame trøystarar er de alle.

6um eg no talar, døyvest ikkje verken, og tegjer eg, kva lindring fær eg då?

7Ja, no hev han plent mødt meg ut; du hev øydt ut min heile huslyd.

8At du tok fat på meg, det vart eit vitne mot meg; mitt skrinne hold stod fram imot meg og vitna mot meg beint i syni.

9Hans vreide reiv meg sund og elte meg; han gnistra tennene imot meg; min uven kveste augo på meg.

16andletet mitt er raudt av gråt, og daudeskugge ligg på augneloki -

17endå det ingen urett finst i mine hender, og endå bøni mi er rein.

19Alt no hev eg i himmelen mitt vitne og i det høge ein som sannar mine ord.

20Stødt spottar mine vener meg; mitt auga vender seg i gråt til Gud,

21at han må gjeva mannen rett mot Gud og mannsbarnet imot hans næste;

22for ikkje lid det mange åri fyrr eg fer den vegen som eg ikkje gjeng attende.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help