1. Korintar 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus lastar korintarane for di det var folk som dreiv hor millom dei, og serleg for di ein kyrkjelydlem levde i blodskam med stykmor si, 1.2. Denne grove syndaren vil han dei straks skal støyta ut or kyrkjelyden og gjeva yver til Satan, um han med det kunde førast til bot, 3-8. Paulus vil ikkje at dei skal hava umgjenge med openberre syndarar innan kyrkjelyden, 9-13.
1Der gjeng allfares ord um hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje ein gong vert nemnt hjå heidningane: at ein held seg med kona åt far sin.