1Ja, auga mitt hev set alt dette, og øyra mitt hev høyrt og merka det.
2Alt det de veit, det veit eg og; eg er 'kje mindre mann enn de.
13Teg stilt, lat vera meg, so eg kann tala, so fær det henda meg nett kva som vil!
14Kvi skulde eg vel bera kjøtet mitt i tennene? Nei, eg vil leggja livet i mi hand.
15Han drep meg nok - eg ventar på han; eg berre vil få syna han at eg hev fare rett.
16Det og skal verta meg til frelsa; for ingen gudlaus torer koma for hans åsyn.Matt 7,23
17So høyr då vel på mine ord, lat mi utgreiding ganga inn i øyro dykkar!
18Sjå, saki hev eg lagt til rettes; eg skal få rett, det veit eg visst.
19Finst det nokon som vil tretta med meg? Då skal eg tegja stilt og døy.
20Einast for tvo ting må du spara meg, so skal eg ikkje løyna meg for deg:
21Gjer vel og tak di hand burt frå meg, lat ikkje dine redslor skræma meg!Job 9,34-35
22So stemn meg då, so skal eg svara; eller lat meg tala, so svarar du!
23Kor mange misgjerder og synder hev eg? Lat meg få vita brotet mitt og syndi mi!
24Kvi løyner du di åsyn, tru? Kvi reknar du meg for din fiend?Sal 13,2
25Vil du då skræma eit burtblåse blad? Vil du forfylgja strået som er visna? -
26sidan du dømer meg til slike harde lidingar og let meg erva syndene frå ungdomstidi,Sal 25,7
27set mine føter fast i stokken og vaktar alle mine vegar og dreg ein ring kring mine fotblad.Job 33,11; 19,8
28Slik fer du fram mot ein som tærest burt som morkna tre, som klædeplagget det hev vore mòl i.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.