2. Samuelsbok 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I Davids tid kjem det uår i landet, av di Saul hev drepe Gibeons-mennene; gibeonitane krev at sju mann av Sauls-ætti skal gjevast i hendene deira, so dei kann leggja dei på stegl for Herren; dei fær dei og gjer so med dei; Herren gjev landet regn; beini åt dei som var lagde på stegl, vert jorda i Sela saman med beini åt Saul og Jonatan, 1-14. Gong på gong fær Israel ufred med filistarane; nokre av filistarkjempone fell, 15-22.

1I Davids dagar kom det ein gong tri store uår etter kvarandre. Då vende David seg til Herren og spurde han åt, og Herren svara: Det tyngjer ei blodskuld på Saul og huset hans, for di han tok livet av Gibeons-mennene.

2So kalla kongen Gibeons-mennene til seg og tala med dei. Gibeons-mennene høyrde ikkje til Israels-borni, men til dei amoritane som sat att i landet; Israels-borni hadde svore dei trygd, men Saul freista å hogga dei ned, ihuga som han var for saki åt Israels- og Juda-borni.

9og gav dei i hendene på gibeonitane, og dei la dei på stegl på fjellet for Herrens åsyn. Soleis kom dei av dage alle sju på ein gong. Det var i dei fyrste dagane av skurdonni, fyrstundes i byggskurden, dei let livet.

10Rispa Ajasdotter tok syrgjebunaden sin og breidde ut under seg på berget; soleis låg ho frå fyrstundes i byggskurden alt til det strøymde vatn ned på dei frå himmelen, og ho let ikkje fuglane i lufti setja seg på dei um dagen og ikkje villdyri på marki koma nær dei um dagen.

11Då David fekk vita kva Rispa Ajasdotter, fylgjekona åt Saul, hadde gjort,

12drog han i veg og henta beini etter Saul og Jonatan, son hans; dei låg hjå Jabes-buane i Gilead, som i løynd hadde teke liki burt frå torget i Betsan; der hadde filistarane hengt dei upp då dei hadde slege Saul på Gilboa.1 Sam 31,12

13Då David hadde henta beini av Saul og Jonatan derifrå, sanka dei i hop beini åt dei som var lagde på stegl,

14og dei jorda beini åt Saul og Jonatan i Sela i Benjaminslandet, i gravi åt Kis, far hans. Dei gjorde alt som kongen hadde sagt dei fyre. Då høyrde Gud bønene som steig upp frå landet.

15Ein gong som det vart ufred att millom filistarane og Israel, drog David ned med mennene sine, og dei slost med filistarane. David vart trøytt,2 Sam 5,17-25

16og Jisbo-Benob, ein av etterkomarane etter Rafa - spjotet hans var av kopar og vog tri hundrad sekel, og kring livet hadde han bunde eit nytt sverd - han tenkte han skulde fella David.

17Men Abisai Serujason kom og hjelpte han og slo filistarane i hel. Då sa Davids menner til han med ein eid: Du skal ikkje oftare draga med oss ut i striden - du skal sløkkja ikkje Israels lampa.

18Sidan bar det so til at det vart ein ny strid med filistarane, ved Gob, og Sibbekai av Husa-ætti slo i hel Saf, som og var ein av etterkomarane etter Rafa.1 Krøn 20,4-8

19Endå ein gong stod det eit slag med filistarane ved Gob; då var det Elhanan, son åt Ja'are-Orgim, frå Betlehem slo i hel Goliat frå Gat, han som hadde eit spjot med eit skaft som storréven på ein vev.

20So vart det eit slag att ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot - i alt fire og tjuge fingrar og tær; han og var ætta frå Rafa.

21Han hædde Israel; men Jonatan, son åt Simea, som var bror åt David, slo han i hel.1 Sam 16,9; 2 Sam 13,3; 1 Krøn 2,13

22Alle desse fire var ætta frå Rafa i Gat; men David og mennene hans felte dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help