1. Kongebok 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren syner seg for Salomo att og lovar at han vil gjera som han hev bede um, og tryggja riket hans, so framt han held bodi og lovene hans; men vender Israel seg i ulydnad frå han og dyrkar andre gudar, so vil han vraka både folket og templet, 1-9. Salomo gjev kong Hiram 20 byar for di han hev hjelpt han med byggverki hans; men Hiram er ikkje nøgd med dei, 10-14. Til byggjingi brukar Salomo ei mengd med arbeidsfolk som ikkje høyrer til Israels-folket, 15-23. Salomo let kona si flytja inn i det huset han hev bygt åt henne, ofrar tri gonger um året, og han og Hiram sender skip til Ofir, 24-28.

1Då Salomo hadde fullført byggverki sine, både Herrens hus og kongshuset og alt anna han ynskte seg og hadde hug til å gjera,

14Hiram hadde sendt kongen hundrad og tjuge talent gull.

15No skal de få høyra korleis det hadde seg med det arbeidsfolket som kong Salomo tok ut til å byggja Herrens hus og sitt eige hus og Millo og murane kring Jerusalem og Hasor og Megiddo og Geser:1 Kong 5,13

16Farao, kongen i Egyptarland, hadde gjort ei herferd og teke Geser og brent byen; kana'anitane som budde der, hadde han drepe, og byen hadde han gjeve dotter si, kona åt Salomo, heimanfylgja;1 Kong 3,1

17sidan bygde Salomo Geser upp att, og like eins bygde han Nedre Bet-Horon,2 Krøn 8,4-10

18og Ba'alat og Tadmor i øydemarki som høyrer til det landet,Jos 19,44

19og alle dei byane han hadde sine vareupplag i, og dei byane som stridsvognene og hestfolket var i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, båd' i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde yver.1 Kong 10,26

20Alle som var att av amoritane, hetitane, ferisitane, hevitane og jebusitane, folk som ikkje var av Israels ætt -

21etterkomarane etter desse folki, so mange som endå var att i landet, med di Israels-borni ikkje hadde vore god til å bannstøyta dei, dei var det Salomo tok ut til arbeidsfolk og gjorde til trælar, og det hev dei vore til denne dag.Jos 16,10; Dom 1,28

22Men av Israels-borni sette han ikkje nokon til å gjera trælearbeid; dei var hermennene hans og tenarane og hovdingane og drabantane hans og hovdingar yver stridsvognene og hestfolket hans.

23Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundrad og femti i talet; dei hadde rådvelde yver det folket som gjorde arbeidet.1 Kong 5,16

24Med same dotter åt Farao hadde flutt upp frå Davidsstaden til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i veg med å byggja Millo.1 Kong 3,1; 2 Krøn 8,11-16

25Tri gonger um året bar Salomo fram brennoffer og takkoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn og hadde no huset ferdigt.

26Kong Salomo bygde og skip i Esjon-Geber, som ligg innmed Elot, på Raudehavs-strandi, i Edomslandet.2 Krøn 8,17-18

27På dei skipi sende Hiram røynde sjømenner av folki i lag med folki åt Salomo.

28Dei for til Ofir og henta gull der, fire hundrad og tjuge talent, og hadde det heim til kong Salomo.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help