1Ei tid etter hende det som me no skal fortelja: Absalom, son åt David, hadde ei fager syster som heitte Tamar; Amnon, ein annan av sønene åt David, hadde huglagt henne2 Sam 3,2-5
2og bar slik sut for hennar skuld at han gjordest reint sjuk; for ho var møy, og han såg seg ingi råd til å gjera henne noko.
3Amnon hadde ein ven som heitte Jonadab; han var son åt Simea, bror hans David, og var ein ovklok kar.1 Krøn 2,13
4Ein dag sa han til Amnon: Korleis hev det seg, kongsson, at du ser so vesal ut morgon etter morgon? Vil du ikkje segja meg det? Amnon svara: Eg elskar Tamar, syster åt Absalom, bror min.
5Då sa Jonadab: Legg deg sjuk og hald sengi, og når far din kjem og vil sjå um deg, so seg til han: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og gjeva meg mat og laga til maten for augo mine, so eg ser på det og fær taka imot han av handi hennar!
6So la Amnon seg til sengs og lest vera sjuk. Kongen kom og såg um han, og Amnon sa til kongen: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par kakor, so eg ser på det og fær taka imot dei av handi hennar!
7Då sende David bod inn i huset til Tamar og bad henne ganga dit som Amnon, bror hennar, budde, og laga til mat åt han.
8Og Tamar gjekk til huset åt Amnon, bror sin. Han låg til sengs, og ho tok deigen og knoda og baka kakor, so han såg på det, og steikte dei;
9so tok ho steikjepanna og kvelvde kakone utor for augo hans. Men han vilde ikkje eta. Han bad alle ganga ut, og då dei var gjengne,
10sa han til Tamar: Kom hit inn i koven med maten, so eg kann taka imot han av di eigi hand! Tamar tok kakone ho hadde laga, og bar dei inn i koven til Amnon, bror sin;
11men då ho rette han dei og bad han eta, tok han fat i henne og sa: Kom og ligg med meg, syster!
12Men ho svara: Nei, bror, før meg ikkje i vanære! Sovore gjeng ikkje for seg i Israel. Gjer ikkje slikt skjemdarverk!3 Mos 18,9; 20,17; 5 Mos 27,22
13Kvar skulde eg då gjera av meg med skammi mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Kjære, tala heller til kongen! Han meinkar deg visst ikkje å få meg.
14Men han vilde ikkje lyda henne - han valdtok henne og låg hjå henne.
15Men etterpå fekk han brått eit brennande hat til henne - hatet han la til henne no, var større enn elskhugen han hadde bore til henne fyrr. Og han sa til henne: Ris upp og gakk din veg!
16Ho svara: Valda meg ikkje so stor ei ulukka! Jaga meg ikkje burt! Det vilde vera endå verre enn det andre du hev gjort meg. Men han vilde ikkje høyra på henne no heller.
17Han ropa på sveinen som gjekk han til handa, og sa: Hav henne der burt ifrå meg, ut or huset, og steng døri etter henne!
18Ho hadde ein sid ermekjole på; for soleis, i slike kjolar, gjekk kongsdøtterne klædde medan dei var møyar. Då no tenaren hadde havt henne ut på gata og stengt døri etter henne,
19tok ho og strådde oska på hovudet sitt; ermekjolen ho hadde på seg, reiv ho sund, og ho la handi på hovudet og gjekk skrikande burt.Job 2,12; Jer 2,37
20Absalom, bror hennar, sa til henne: Hev Amnon, bror din, vore hjå deg? Teg deg no, syster! Han er bror din; tak ikkje dette so tungt! Men Tamar vart sitjande einsleg og vonlaus heime hjå Absalom, bror sin.
21Då kong David fekk høyra alt dette, vart han ovende harm.
22Sidan tala Absalom aldri eit ord åt Amnon, korkje vondt eller godt; for han hata Amnon for di han hadde vanæra Tamar, syster hans.
23Tvo år etter hadde Absalom saueklypping i Ba'al-Hasor, tett med Efra'im, og han bad alle kongssønene til seg.
24Fyrst gjekk han til kongen og sa: No skal tenaren din hava saueklypping; vil ikkje kongen og mennene hans gjera so vel og vera med?
25Men kongen svara: Nei, guten min, me vil ikkje koma alle; me kunde gjera deg for mykje bry. Og då Absalom nøydde han, vilde han endå ikkje koma, men ynskte han lukka til.
26Då sa Absalom: Um ikkje du vil, so lat då Amnon, bror min, få vera med oss. Kongen spurde: Kvifor skal han vera med deg?
27Men Absalom nøydde han til han let både Amnon og alle hine kongssønene få vera med han.
28So sa Absalom til sveinane sine: Akta no etter: Når Amnon hev vorte fjåg av vinen, og eg segjer til dykk: Hogg Amnon ned! - so skal de taka livet hans. De tarv ikkje ottast. Det er eg som hev sagt de skal gjera det. Ver hjarteleg og syn de er djerve karar!
29Sveinane gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt til dei. Då spratt alle kongssønene upp og steig på muldyri sine og rømde.
30Medan dei var på vegen, vart det ordet bore ut og kom attfor David at Absalom hadde drepe alle kongssønene - ikkje ein av dei var att.
31Då reiste kongen seg og reiv sund klædi sine og kasta seg ned på jordi, og alle mennene hans stod der med sundrivne klæde.1 Mos 37,34
32Men Jonadab, son åt Simea og brorson åt David, tok til ords og sa: Herre, du må ikkje tru at dei hev drepe alle dei unge mennene, kongssønene. Det er berre Amnon som hev mist livet; For etter det Absalom hev sagt sjølv, hev det vore avgjort alt ifrå den dagen då Amnon vanæra Tamar, syster hans.2 Sam 13,3.22
33So gjer deg no ikkje ilt av det, herre konge, at dei segjer at alle kongssønene hev mist livet! For det er berre Amnon som hev døytt.
34Medan rømde Absalom sin veg. Då no utkiksmannen skoda ikring seg, fekk han sjå at det kom mykje folk farande frå vegen attanfor han ved sida av fjellet.
35Då sa Jonadab til kongen: Ser du, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.
36Ikkje fyrr hadde han sagt det, so kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans brast og i og storgret.
37Medan kom Absalom seg undan og for til Talmai Ammihudsson, kongen i Gesur. Og David syrgde på son sin heile tidi.2 Sam 3,3
38Då no Absalom hadde rømt og fare til Gesur, vart han verande der i tri år.
39Det heldt kong David frå å draga ut imot Absalom; for han var komen yver sorgi etter Amnon.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.