Job 22 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Elifas svarar Job at Gud ikkje kann hava straffa han for si eigi skuld; han hev då ikkje noko gagn av at eit menneske er rettferdigt. Ikkje kann han hava straffa han for di han er gudleg heller. Årsaki til lidingi hans lyt vera dei mange og store syndene hans; vinnesjuk som han er, hev han fare fram med vald mot dei ulukkelege og vore hardhjarta mot dei fatige, 1-10. Job bør tenkja på den straffi som alt hev råma han, og ikkje nekta Guds verdsstyring, so han aukar brotet sitt, soleis som dei ugudlege i gamletidi gjorde, dei som Gud hev tynt for di dei var so gudlause og utakksame, til gleda for dei rettferdige som dei hadde trælka, 11-20. Då skal Gud verta hans rikdom og lyst og gleda, høyra bønene hans og lata alt lukkast for han; skulde han då like vel verta nedbøygd stundom, so skal han verta lyft upp att; ja med si forbøn skal han jamvel berga den skuldige frå straff, 21-30.

1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2Kann vel ein mann vera til gagn for Gud? Nei, berre seg sjølv gagnar den vituge.

3Hev den Allmektige vel nokon bate av di rettferd, er det til vinning for han at du ferdast rett?

4Er det din gudlegdom han refser deg for, gjeng han til doms med deg for den?

5Er ikkje vondskapen din stor, misgjerningane dine utan ende?

6Du panta brørne dine grunnlaust, og av dei nakne drog du klædi.

20Ja, no er fiendane våre tynte, og eld hev øydt all deira ovnøgd.

21Forlik deg no med han, so fær du fred! Og so skal lukka timast deg.

22Tak imot lærdom av hans munn, og legg deg ordi hans på hjarta!

23Vender du um til den Allmektige, vert lukka di bygd upp på nytt; men du lyt hava urett burt frå tjeldi dine.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help