1Sidan vann David på filistarane og døyvde dei - han tok frå dei Gat med bygdene som låg ikring.2 Sam 8,1-8
2Moabitane vann han og på, og dei laut gjeva seg under han og svara skatt.
3Like eins vann David på Hadadeser, kongen i Soba, som då var på veg til Fratelvi og vilde styrkja veldet sitt der.
4David tok ifrå han tusund vognhestar, sju tusund ridarar og tjuge tusund mann fotfolk; vognhestane skar han av hasane og sparde ikkje att meir enn hundrad av dei.
5Syrarane frå Damaskus kom og vilde hjelpa Hadareser, kongen i Soba; men David felte tvo og tjuge tusund mann av heren deira.
6Sidan la David hervakter i Damaskus-Syria, og syrarane laut gav seg under han og svara skatt. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
7David tok dei gullskjoldane som Hadareser-mennene hadde bore, og førde dei til Jerusalem.
8Og frå Tibhat og Kun, byane åt Hadareser, tok han med seg ovmykje kopar. Av det var det Salomo gjorde koparhavet og sulone og dei hine kopartingi.1 Kong 7,15.23.45
9Då To'u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde gjort ende på heile heren åt Hadadeser, Soba-kongen,2 Sam 8,9-12
10sende han Hadoram, son sin, til kong David - han skulde helsa på han og ynskja han til lukke med di han hadde vunne i striden mot Hadareser; for Hadareser hadde stødt lege i ufred med To'u. Han sende og alle slag eigneluter av gull og sylv og kopar.
11Dei og helga kong David til Herren i hop med det sylvet og gullet han hadde teke frå alle hine heidningfolki: frå Edom og frå Moab og frå Ammons-borni og frå filistarane og frå amalekitane.
12Det var Absai Serujason som slo edomitane i Saltdalen - dei var attan tusund mann.2 Sam 8,13-15; Sal 60,2-10
13So la han hervakter i Edom, og alle edomitane gav seg under David. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
14So rådde no David yver heile Israel, og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
15Joab Serujason var hovding yver heren, og Josafat Akiludsson var sogeskrivar.2 Sam 8,16-18; 20,23-26
16Sadok Akitubsson og Akimelek Ebjatarsson var prestar og Savsa riksskrivar;1 Krøn 24,6
17Benaja Jojadason var hovding yver livvakti, og Davids søner var dei fremste hjå kongen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.