1So sa Agrippa til Paulus: Du kann få lov til å svara for deg. Då rette Paulus handi ut og tok til med verjemålet sitt:
2Eg held det for ei lukka, sa han, at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal få verja meg mot alt det jødar skuldar meg for,
3sidan du kjenner so vel til alle skikkar og stridsspursmål hjå jødane. Difor bed eg deg at du vil høyra på meg med tolmod.
4Alt ifrå fyrste ungdomen hev eg butt millom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt hev vore;
5dei veit frå fyrr, dersom dei berre vil upp med det, at eg hev levt etter den strengaste læra i gudsdyrkingi vår - levt som ein farisear.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.