Filipparane 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus uppmodar lesarane til å gleda seg i Herren, 1; åtvarar dei mot ranglærarar som vil få dei til å lita på gjerningane sine, og syner dei med sitt fyredøme kor langt det bør vera frå den truande å lita på noko anna enn på Jesus Kristus og rettferdi i han, 2-11. Men dei må ikkje tru han meiner at han alt hev vunne fram til målet, men han strevar alt han kann for å nå det, og vil at dei skal likna han i det, 12-17. Han åtvarar mot dei jordisk-huga kristne, som hev gløymt kvar dei truande hev rette heimen sin, og kva som skal vera deira største lengsla, 18-21.
1Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.