1Men vedkomande det som de skreiv um, so er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinna;
2men for hor skuld skal kvar mann hava si eigi kona, og kvar kvinna sin eigen mann.
3Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen.
4Kona råder ikkje yver sin eigen lekam, men mannen; like eins råder ikkje heller mannen yver sin eigen lekam, men kona.
5Haldt dykk ikkje frå einannan utan etter samråd, til ei tid, so de kann leva berre for bøn, og kom so saman att, so Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kann vera fråhaldande.
6Men dette segjer eg som eit løyve, ikkje til påbod.
7Eg vilde at alle menneske var liksom eg; men kvar hev si eigi nådegåva av Gud, den eine so, den andre so.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.