Filipparane 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus manar til å halda trutt saman, til sjølvgløymande audmykt og kjærleik, 1-4, etter Kristi fyredøme, han som gav avkall på sin guddoms-herlegdom for å tena i lydnad alt til dauden, 5-8, og som Gud difor upphøgde, so alle lyt sanna at han er Herre, 9-11. Han manar dei til ålvor i arbeidet på si frelsa og til eit reint liv, som svarar til deira kall å vera ljos i verdi, 12-18. Av di Paulus vil få vita kor dei hev det, vil han no snart senda Timoteus, den røynde medarbeidaren sin, til dei; ja, han vonar å koma sjølv og, 19-24. Epafroditus, som hadde havt med seg kjærleiksgåva deira til han (4,18), sender han og attende til dei med dette brevet, av di dei hadde vore urolege for han for skuld sjukdomen hans i Rom, 25-30.
1Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn,
2so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,